Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Bømlo • Etne • Fitjar • Kvinnherad • Stord • Sveio • Tysnes

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt som utgjer den sørvestlege delen av tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde i 2014 58 680 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Sunnhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune. I Leirvik ligg Sunnhordland Museum, som vart stifta i 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kristofer Sydnes (fødd 1881 i Kvinnherad, død 1961) var fødd på Sydnes i Fjelberg, Kvinnherad kommune. Etter folkeskulen gjekk han ein vinter på amtsskulen i Fitjar, og 1901 tok han eksamen ved Stord lærarskule. I 1902 vart han lærar i Suldal kommune, 1908 i Etne kommune og i 1912 i Vikebygd i Vindafjord kommune, der han var lærar til han slutta læraryrket i 1946. Han var formann i ungdomslag, fråhaldslag og mållag i Vikebygd i mange år, og med i heradstyret og formann i skulestyret i over tjue år. Han også var med i styret for Hordaland Venstre, formann i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og med i styret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og i åtte år med i styret for Norske Museers Landsforbund.   Les mer …

Odd Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Odd Aarsand (fødd 28. mars 1888 på Årsand i Kvinnherad, død 24. juni 1971) var lærar og kyrkjesongar på Avaldsnes. Han var òg ordførar i bygda. Ei tid var han dessutan postopnar, og han sat som formann i ungdomslag og lærarlag.   Les mer …

Jens Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Jens Aarsand (fødd 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann. Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Ryvarden fyrstasjon i Sveio kommune ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå særprega kulturlandskap, gamle steinmurar, eit rikt planteliv til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det kan gis dispensasjon for kjøring heilt ut. Etter at Ryvarden fyrstasjon vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane på fyret i Sveio lengst sør i Hordaland fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden, eller som det også vert kalla - Ryvarden kulturfyr.   Les mer …

Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845.   Les mer …

Tysnes Sogelag vart stifta 20. oktober 1945 i samband med ein stor kulturkveld i Tysnesbygda, ein folkefest med eit tettpakka kulturprogram i ungdomshuset Vonheim. På slutten av 1950-talet sette laget seg som mål å få skrive ei Tysnes-soge. Etter kvart vart arbeidet overlate til forfattaren Johannes Heggland. Det første bandet, som dekkjer historia fram til 1814, vart publisert i 1963. Det andre bandet kom i 1975.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar