Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-8

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete 1: Anne i stakk med "rosut" skjorte og plagg (skaut) utanfor stølen Prestholt oppunder Hallingskarvet. Biletet vart brukt i ei lærebok for ungdomsskulen på 1970-talet.
Foto: Paul Andreas Røstad, Norsk teknisk museum/DEXTRA, 1969.

Anne Tolleivsdotter Vindegg (fødd Tufto 14. juni 1884, død 25. oktober 1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla, Hol. På Ustaoset støla ho og hadde også arbeid med hyttefolk og andre turistar. Ho var truleg ein av dei siste i Hol som brukte folkedrakt til dagleg.

Anne vart fødd på Tufto, grannegard til Vindegg. Dette var farsgarden til mora, Mari Ellingsdotter (1847–1937). Ho gifte seg i 1871 med Tolleiv Knutson (1846–1931) frå Verpe i Ustedalen (ved Geilo). Gjennom mellom anna skreppehandel hadde han tent gode pengar. I 1871 kjøpte han Tufto og i 1896 også grannegarden Søre Juvsjordet.

Mari og Tolleiv fekk ni ungar, og Anne var nummer sju i flokken. Av syskena vart alle utanom Birgit (1879–1959) buande i heimbygda. Tre av dei vart gardeigarar: Elling (1873–1963) på Tufto, Knut (1875–1963) på Øvre Sand og Olav (1882–1956) i Søre Juvsjordet. Pål (1877–1893) døydde som 16-åring. Asbjørn (1887–1973) var mellom anna heradskasserar. Ragnhild (1871–1918) og Ambjørg (1889–1967) budde og arbeidde på garden til Olav i Søre Juvsjordet. Dei var alle tre ugifte. I folketellinga 1910 driv Ragnhild som budeie og Ambjørg med husgjerning. Birgit utvandra til Nord-Dakota i 1904. Ho hadde i 1899 gifta seg med Asbjørn Eirikson Tufte, som kom frå myljo Tufto på Geilo og hadde utvandra to år tidlegare, men som var heime att nokre år.Les mer...