Ein mjølkerein ( bokmål òg melkerein) eller mjølkarrein er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkereinane ein vesentlig del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nokre få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkereindrift har vore vanlig i store delar av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkereindrifta stort sett forsvunne. Les mer …
Møte i Lesja Fjellstyre kring 1956, Olaf Heitkøtter i midten bak. Foto: Ukjent
Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013 i Lesja) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal. Les mer …
Det var hausten 1987 eg deltok på reinsjakt i Lesjafjella første gongen. Eg hadde flytta til bygda fem år før som tilsett bygdebokforfattar. Eg hugsar at første året eg budde i den bygda stussa eg over kvar det vart av mange av karane når vi kom inn mot 20. august, og at det var vanskeleg å avvikle møte frå den datoen og tre vekers tid utover.
Men det fekk eg raskt kunnskap om: reinsjakta! Eg har mange gonger seinare tenkt på kor mykje som ligg i mor Åses utsegn til Peer om å renne til fjells månadsvis i travle onna – det var nok ikkje noko gamle Ibsen tok ut av fantasien, nei. Les mer …
I Gravdalen i Vågå, heilt nord mot grensa til Lesja kan ein finne ei unik samling av gamle fangstanlegg for villrein.
Gravdalen er ein om lag 4 km lang dal som går frå eit skard mot Gjerdingsdalen på sørsida og til Skjervedalen på nordsida. Skardet i sør er på om lag 1500 m.o.h. og Gravdalsåe renn nordover ut i Skjerva på om lag 1140 m.o.h.. Båe grenseelvene, Gjerdingåe og Skjerva, renn i til dels bratte og uframkomelege gjel, noko som gjer at villreinen som beitar i området må krysse Gravdalen på vandringane mellom dei austlege og vestlege beiteområda. Dette har freista dei gamle fangstfolka til å bygge ei rad fangstanlegg langs dalen. Les mer …
|