Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lesja»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kornmagasinet på Lesjaskog.
(2009)
Lesjaskog kornmagasin vart bygd i 1818 på Magasinhaugen ved Mølme. Same året vart det òg bygd tilsvarande magasin i dei andre sokna i Lesja prestegjeld: hovudsoknet og Dovre, etter at prestegjeldet hadde mottatt 200 tønner korn i gåve frå kongen, Karl Johan. Bygdefolket måtte hente kornet sjølv på Akershus festning, så det vart ikkje ei heilt gratis gåve. Av gåva til prestegjeldet gjekk 18 tønner hit til magasinet på Lesjaskog. Kornbehaldninga i magasinet skulle lånast ut som såkorn til dei bøndene som ikkje hadde nok sjølv. Renta var 12,5 % p.a. fram til 1854, da ho vart sett ned til det halve. Utlåna kunne vera små, berre ei skjeppe. Kornet skulle halde ei viss minstevekt, men vart lånt ut etter mål (tønner).   Les mer …

Møte i Lesja Fjellstyre kring 1956, Olaf Heitkøtter i midten bak.
Foto: Ukjent
Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013 i Lesja) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal.   Les mer …

Audun Einbu
Audun Einbu (fødd 25. juni 1928 i Lesja død 6. mai 2002) var lærar, målmann og ihuga lokalhistorikar. Han var medredaktør for Årsskrift for Lesja historielag frå 1989 og eineredaktør frå 1990 til og med 2001. Audun var først lærar i Skåbu Rånå og Einbu skulekretsar og frå 1966 til 1978 i Lesja. Han var ein framifrå pedagog som utvikla eigne hjelpemiddel i undervisninga. Han engasjerte seg i arbeid for 4H og i det frilynde ungdomslagsarbeidet.   Les mer …

K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963.
Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.   Les mer …

Relieff på bautaen over Sigurd Einbu ved Lesjaskog kyrkje.
Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866Nordi LieLesjaskogen, død 10. mai 1946) var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Til liks med bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling, men far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden (1879-1967).   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar