Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Valdres
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900).
Foto: Ukjend
(1907/1908)
Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han.   Les mer …

Tre generasjoner Lundstein, alle med lærerutdanning. Fra venstre Håkon, Morten og Martin Lundstein.
Foto: Ukjent (ca. 1950)

Martin Lundstein (født 24. februar 1872 i Etnedal, død 22. juni 1973 samme sted) var lærer i Etnedal i Valdres fra 1892 til 1937. Han hadde ei rekke tillitsverv og var blant annet bygdas ordfører 1926-28, innvalgt for Venstre. Lundstein var en flittig skribent, ikke minst som korrespondent for Decorah-Posten.

Han vokste opp i Etnedal, som sønn av skogsbestyrer Hans Lundstein. Martin Lundstein gikk amtsskolen i Valdres to vintre og tok deretter eksamen ved Asker seminar (1892). Lærerposten ved Lundstein skole, i hjemgrenda, var da ledig, og Lundstein reiste tilbake til Etnedal for å arbeide som lærer.

Lundstein ble en respektert mann i Etnedal, der han blant annet var overformynder, lagrettemann og skolestyreformann. Han satt i herredsstyret i periodene 1914-16, 1923-28, 1932-34 og 1938-40. I den siste perioden sin representerte han Bondepartiet. Også broren Johannes Lundstein var kommunepolitiker.   Les mer …

Nordli skole rundt 1950, Lundstein bak til venstre.
Foto: Ukjent
Håkon Lundstein (født 1. mai 1908 i Etnedal, død 11. april 2001 i Østre Toten) var lærer. Lengst var han ved Nordli skole i Østre Toten. Han vokste opp i Etnedal i Valdres, som sønn av Martin (1872-1973) og Gunhild Lundstein (1886-1983). Også faren var lærer, og i tillegg ordfører, skribent og en kjent person i Etnedal. Håkon Lundstein tok lærereksamen på Hamar i 1934 og hadde dessuten utdanning fra jordbruksskole, håndverksskole og Norges Lærerhøgskole (1946/47).   Les mer …

Gravminnet åt familien Espelien/Klevgaard på Bruflat kyrkjegard.
Foto: Dag Gurihus (ca. 2006)
Gudbrand Klevgaard (fødd 17. mars 1866 i Etnedal, død 7. juli 1945) var lærar ved Bruflat skule i Etnedal i 34 år. Han var òg klokkar, lokalpolitikar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar med meir. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i sølv.   Les mer …

Leisterud (alt. navneform Leistrud) er ein matrikkelgard i Vestre Bagn i Sør-Aurdal. Han grensar mot Vøll og Begna i aust, Austegarde og Framgarde i vest og Torsrud og Brattrud i sør.Dei gamle hovedbøla låg på ein avsats i dalsida, på omkring 350 moh. Det vart rydda fleire garder kalla Lie der, og Liagardane er i følgje lokal tradisjon plassar som vart delt ut til seks døtrer av Leisterudbonden. Rydningen skal ha skjedd før Svartedauen. I seinmellomalderen låg garden øyde, og på 1500-talet vart han nyrydda. Skattemessig var garden opphavleg rekna som ein halvgard. Både Leisterud og Smedsrud var kyrkjegods, tilhørande Reinli kyrkje. Ifølge jordebokea til Stavanger stift eigde kyrkja i 1626 1/2 hud i Leisterud og eit kalveskinn i Smedsrud. Begge gardar vart i 1724 kjøpt frå Sjugurd Alvsson Leistrud av prost Andreas Morland. Smedsrud vart lagt under same matrikkelnummer som Leisterud.   Les mer …

Logoen til historielaget.

Sør-Aurdal historielag er ei lokalhistorisk foreining i Sør-Aurdal kommune i Valdres. Laget vart stifta i 1980 som eit lokallag av Valdres historielag. Det «har til formål å vekke interesse og skape forståelse for Sør-Aurdals historie. Det skal arbeide for å utbre kjennskap til vår kulturarv og våre kulturminner av alle slag».

Laget har sidan 1982 gitt ut Sagn og Soge i Søndre Ourdahl annakvart år, samt fleire lokalhistoriske bøker. I 1995 vart laget tildelt Sør-Aurdal kommunes kulturpris. Ein av grunnleggjarane og formann gjennom mange år, Gudbrand O. Waagaard, fekk prisen i 2007.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Valdres
 
Andre artiklar