Anders Olson Åsen: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «») |
({{nn}}) |
||
(2 mellomliggende versjoner av en annen bruker er ikke vist) | |||
Linje 30: | Linje 30: | ||
{{DEFAULTSORT:ÅSEN; ANDERS OLSON}} | {{DEFAULTSORT:ÅSEN; ANDERS OLSON}} | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
Lensmenn]] | [[Kategori:Lensmenn]] | ||
[[Kategori:Gardbrukere]] | [[Kategori:Gardbrukere]] | ||
Luster kommune]] | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1660]] | [[Kategori:Fødsler i 1660]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1728]] | [[Kategori:Dødsfall i 1728]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 6. jun. 2023 kl. 08:44
Anders Olson Åsen (fødd kring 1660, død kring 1728) var frå Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Ole Arneson Åsen.
Han gifte seg kring 1698 med Anna Sjursdotter frå Luster, og dei tok over Åsen i 1690-åra. Anders Åsen skal ha fått born utanfor ekteskap både i 1685 og 1694 med to ulike kvinner,[1] men det hindra ikkje at han kunne ta over lensmannsembetet i Jostedalen etter faren. Han er nemnd som lensmann i 1703[2] og skal ha hatt lensmannsembetet til han døydde kring 1728.
Han er truleg identisk med den Anders Olson som er nemnd som kyrkjeombodsmann 1687-1692. Han var bror til Martha Olsdotter, som var gift med den føregåande kyrkjeombodsmannen Knut Andersson Grov.
Anders Åsen kjøpte to andre gardar i Jostedalen som han leigde bort: eitt av bruka på grannegarden Ormberg i 1711 og Bjørkehaugen under Mjølver kring 1720.
Våren 1694 var Anders Åsen sjuk i "landfarsotten" utan at det er klart kva sjukdom det var (Kvitrud).
Anders og Anna Åsen fekk ni born:
- Eli Andersdotter (1700-1740), gift med gardbrukar og kyrkjeombodsmann Halvor Larsson Espe
- Sjur Anderson Åsen (1702-1740), gardbrukar på Nedrelid og lensmann etter faren
- Sophia Andersdotter (1704-1789), husmannskone i Fortun, Luster
- Gunnhild Andersdotter (1706-1739), gift med gardbrukar Christen Erikson Sperla
- Anna Andersdotter (1708-1772), gift med gardbrukar Paul Andersson Li
- Henrik Anderson Kreken (1710-1782), gardbrukar i Kreken, kyrkjeeigar og ei kort stund klokkar
- Britha Andersdotter (1713-1774), gift (1) med Anders Erikson Ormberg, (2) med Lars Erikson Ormberg
- Ole Anderson Åsen (1719-1784), gardbrukar i Åsen og klokkar
- Lage Andersson (1719-1784), gardbrukar på Bringe i Luster
Notar
- ↑ Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48
- ↑ Tingbok for Indre Sogn 1703
Litteratur
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 211. (digital utgåve, NBdigital)
- Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)