Sjur Anderson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjur Anderson Åsen (Sjur Anderson Garen) (fødd kring 1702, død våren 1740) var frå Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Anders Olson Åsen.

Han gifte seg kring 1729 med Mari Knutsdotter frå Nedrelid. Dei tok over Nedrelid på same tida og budde her levetida ut. Det skal ha vore dei som tok til å kalle bruket for Garen.

Sjur skal ha teke over som lensmann i Jostedalen etter faren då han døydde kring 1728 og hatt embetet til kring 1734.

Etter at Sjur døydde i 1740, gifte Mari seg opp att med John Erikson Nedrelid som då flytte til garden. Han vart seinare kyrkjeeigar i Jostedalen. Men Mari døydde alt i 1741.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 265. (digital utgåve, NBdigital)