Forside:Alver kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jan. 2020 kl. 08:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = er |Distrikt = Nordhordland }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sund • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden
TIDLIGERE KOMMUNE: Lindås • Meland • Radøy

Om Alver kommune
Alver kommune er ein kommune i Nordhordland, Vestland fylke. Kommunen vart etablert 1. januar 2020, då kommunane Lindås, Radøy og Meland slo seg saman. Dei tre kommunestyra vedtok samanslåinga 22. juni 2016, i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Året etter bestemte kommunane at namnet på den nye eininga skulle vere Alver, etter at også alternativa Nordhordland, Knarvik, Kvernafjord og Radfjord hadde vore framme i diskusjonane. Namnet kjem frå Alver i Lindås, som er ein del av Knarvik tettstad.

Knarvik er administrasjonssenter i kommunen. Alver har om lag 29.090 innbyggjarar, eit areal på 679 kvadratkilometer og 2500 tilsette. Kommunen har i alt 832 øyer, dei aller fleste rundt dei ytre delane av Radøy og Lindåshalvøya.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Skjelanger fyrstasjonHolsnøy, Meland i noverande Alver kommune, vart oppretta i 1853 som leiefyr i samband med Hellisøy fyrstasjon. Fyrbygningen var lafta og målte 10 x 8 meter. I tillegg blei det satt opp eit uthus med fjøs og plass til ved. Om lag 175 meter nord for fyret var det ein bra hamn og der blei det satt opp eit naust. Fyrstasjonen var bemanna med ein fyrvaktar og ein assistent. Fyrvaktaren budde på fyrstasjonen, medan ein av dei lokale bøndene eller husmennene hadde jobben som assistent. Fyrstasjonen var i drift som bemanna fyr fram til 1963, då han vart erstatta av ei acetylen fyrlykt (Dalén).   Les mer …

Katharina Saltnes (født 16. januar 1862Saltnes i Lindås kommune, død på Saltnes 11. mai 1946) var treskjærer og billedhugger fra Lindås. Foreldre var Oline Pedersdatter og Nils Ingebretsen Saltnes. Saltnes fikk poliomyelitt i 4-års-alderen og var avhengig av krykker. Hun imponerte tidlig med sin treskjærerkunst. Saltnes var den første kvinnelige lærer i Lindås og underviste de yngste elevene i to år fra hun var 16 år. Faren sendte henne i skredderlære, men med støtte fra et legat dro hun til Bergen for å gå på teknisk kveldsskole for å lære tegning i årene 1884-1886. Seinere ble hun lærling hos den kjente treskjæreren Lars Kinsarvik i Kinsarvik i perioden 1886-1888.   Les mer …

Arnhild Marie Fyllingsnes (fødd 14. april 1912Ådnekvam i Masfjorden, daud 21. oktober 2017 på Knarvik) arbeidde mellom anna som seterjente, tenestejente og fabrikkarbeidar. Etter at ho gifte seg, var ho husmor. Arnhild vart 105 år gammal. Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på Fyllingsnes fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til Knarvik sjukeheim i Lindås.   Les mer …

Hosanger kommune vart oppretta i 1885 då Hammer og Hosanger kommune vart delt i tre. I 1909 vart Modalen kommune utskild frå Hosanger. Namnet kom frå tettstaden Hosanger. Kommunen dekka eit område som dels låg på Lindåshalvøya og dels på Osterøya, på både sider av Osterfjorden. I alt var arealet på 228 km².   Les mer …

Gyda Heggertveit (fødd 11. april 1912 i Fana, død 20. juni 2012 i Knarvik i Lindås) vaks stort sett opp på Flesland i Fana, med unntak av nokre år på ein gard på Frønsdal i Ølen kommune. Ho hadde åtte syskjen. I 1930 vigde ho med Arne Heggertveit, og busette seg på Heggertveit i Lindås. Saman fekk dei seks barn. I 1968 var Gyda enkje. Ho skreiv gjerne prologar i lagsamanheng, i lokalaviser og songar til festlige lag. I 2008 var synet så dårleg at ho flytta til Knarvik sjukeheim.   Les mer …

Faksimile fra avisa "Strilen" 26. februar 2000; omtale av Marie Mangersnes i anledning hennes 100-årsdag.
Marie Mangersnes (født 26. februar 1900, død 12. august 2003) budde i Radøy kommune. 26. februar 2000 fylte ho 100 år, og i ein annonse i Bergens Tidende vart det bedt inn til feiring: «Dei som vil helsa på jubilanten på dagen er hjarteleg velkomne til Hordaheimen i Bøvågen mellom kl. 14 og 18». Ho døydde tre år seinare, 103 år gammal, og vart gravlagt på Manger kyrkjegard.   Les mer …
 
Se også


 
Kategorier for Alver kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artikler