Forside:Hardanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Eidfjord • Kvam • Ullensvang • Ulvik
TIDLIGERE KOMMUNE: Granvin

Om Hardanger
Vøringsfossen i Eidfjord kommune, fotografert i 1999.
Foto: Stig Rune Pedersen

Hardanger er eit distrikt langs og ved Hardangerfjorden i Hordaland. Det strekk seg frå Kvinnherad i vest til Eidfjord i aust, og i tillegg sørover langs Sørfjorden. Det er fire kommunar i distriktet: Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. I tillegg har tidlegare Granvin herad, som sidan 1. januar 2020 er ein del av Voss herad, vore ein del av Hardanger.

Landskapet er prega av fjell, breer, fosser og fjordar, noko som trekk mange turistar til området. Hardanger er òg kjend for fruktdyrking, som ein meiner har tradisjonar attende til engelske munker som byrja å dyrke frukt der på 1300-talet. Omkring 40% av frukt som produserast i Norge er frå Hardanger.

Folk frå Hardanger kalles hardinger, og målet deres kalles hardingemål (utt. haring).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Til venstre: Dr. philos. Wollert Konow, brukseigar og stortingsrepresentant frå Fana. Til høgre: Bonde Gjermund Nilsson Skaar. Illustrasjon henta frå boka Hordaland fylke 1837-1937
Gjermund Nilsson Skaar (fødd 1814 i Vikør, død 1892) var fotograf, politikar, treskjærar, gardbrukar og stortingsrepresentant. Han var son av gardbrukar Nils Gjermundsen Skaar og Elseber Torgersdotter på Skår ved Fyksesund. Gjermund Skaar prøvde seg på mangt og mykje gjennom sitt lange liv. Han interesserte seg for politikk, lovgjeving, naturfag, estetikk og religionsfilosofi - var dessutan kunstmålar og treskjerar og prøvde seg også ein tid som organist. 27 år gamal kom han med i heradsstyret, og blei ordførar 1844-57 og tingmann fra 1850./   Les mer …

Vøringsfossen.
Foto: Marianne Wiig
(2004)
Vøringsfossen er eit 182 meter høgt fall i Bjoreia i Måbødalen. Fossen reknast som ein av dei mest imponerande i Hardanger. Vatn frå Bjoreia vert overført til Sy-Sima kraftverk, men i turistsesongen 1. juni til 15. september slepp dei såpass med vatn at det er nokså stor vassføring i fossen.   Les mer …

Bygdebokforfattar, lyrikar og omsetjar Johan Tufteland.
Johan Tufteland (fødd i Austevoll 28. mai 1913, død i Kvam i Hardanger 25. februar 1998) var fiskar, lærar, lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. Utdanninga hans var frå Stord lærarskule 1938-1942, Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (NTNU) 1949-1950, Sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden 1951-1952 og Universitetet i Oslo 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, i Kvam og på Kvitsøy. Tufteland skreiv både fag- og skjønnlitteratur. Han gav ut kultursoge og tre gards- og ættesoger for Austevoll kommune, tre diktsamlingar og ein roman. Dessutan skreiv han artiklar i aviser og tidsskrift. I tillegg gjendikta han til nynorsk dikt av den amerikanske lyrikaren Emely Dickinson. Fleire av Tufteland sine gjendikta salmar av mellom anna Nikolai Grundtvig er med i Norsk salmebok.   Les mer …

Simon Olaus Wolff.
Simon Olaus Wolff (født 10. oktober 1796, død 11. desember 1859) var prest, diktar og målar. Han var sokneprest i Mo, Aurskog og Sauherad, og hadde ein stor kjærleik til folkekultur og folkemål i Telemark. Wolff er millom anna kjent som diktaren av fedrelandssongen Hvor herligt er mit Fødeland.   Les mer …

Lasse Trædal.
Lasse Torkjellson Trædal (fødd 20. desember 1857 i Lavik, død same stad 14. oktober 1924) var lærar, folkehøgskulemann, målmann, skyttarlagsmann og Venstre-politikar. I Lavik var Trædal sentral i språkskiftet til nynorsk i kommuen, som valda lite strid. Han var formann i skulestyret då nynorsk vart innførd i skulane med skulestyrevedtak 31.12.1900, og han tok til å nytte nynorsk i saksførehavinga til skulestyret på same tid. Som nyvald ordførar tok han i februar 1905 til å føre møteboka for kommunestyret på nynorsk.   Les mer …

Olaf Olafsen.
Foto: Hentet fra Sokneprest Olaf Olafsens forfatterskap (1947)
Olaf Olafsen (født på Dovre 3. september 1843, død 8. februar 1932 i Bergen) var prest, botaniker og lokalhistoriker. Han skrev en rekke populære bygdebøker om forskjellige lokalsamfunn i Hardanger, og stiftet Hardanger Historielag i 1908, der han var formann og senere æresmedlem. Han bidrog også med en rekke artikler til årskriftene til Romsdal sogelag, fra sin tid i Romsdal.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hardanger
 
Andre artiklar