Forside:Bømlo kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. nov. 2011 kl. 22:45 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Bømlo kommune
1219 Bomlo komm.png
Bømlo kommune er ein øykommune i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Dei største øyane er Bømlo, Goddo og Moster. Kommunen omfattar óg omkring tusen andre øyer, holmar og skjer. De tidlegare kommunane Bremnes og Moster vart innlemma i 1963, og i 1995 vart øyane Aga, Agasøster, Vikøy, Selsøy og Gisøy overførd frå Fitjar. Administrasjonssenteret er Svortland.

Flest arbeidsplassar finn ein i industrien, særlig i maskinproduksjon og næringsmiddelindustri. Men jordbruk og fiske er óg viktig; Bømlo er nest størst i tidlegare Hordaland fylke på fiske etter Bergen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Andreas Larsson Aanderaa
Foto: Norske skolefolk (1952)
Andreas Larsson Aanderaa (født 28. juni 1900 i Bremnes, død 1986) var lærar og heimefrontsmann.

Han var son av bonde og fiskar L. L. Steinsbø og Helga Johanna f. Hollund. Andreas Larsson Aanderaa tok eksamen ved Stord lærarskule i 1923.

Aanderaa vart i 1923 tilsett som lærar i Baugstø skulekrins i Skånevik. Seinare var han tilsett ved Høylandsbygd skule. Han tok òg over garden Årvik i Kvinnherad kommune, farsgarden til kona, men dreiv han ikkje sjølv. Andreas Larsson Aanderaa vart i 1926 gift med Ragnhild Margrethe Butler Aarvik, dotter av Olav Butler J. Aarvik og Gudrun f. Bondhus. Dei fekk fire søner.   Les mer …

Slåtterøy fyrstasjon i Bømlo kommune er eit kystfyr som vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar. Fyrstasjonen var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret. 1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.   Les mer …

Cecelie Vernøy (1880-1962)
Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen. Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman. Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år.   Les mer …

«Guløy».
Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, «Guløy» med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.   Les mer …

MB «Safir» her på veg inn på Ålesund hamn.

MB «Safir» M-44-B bygd ved Vik Båtbyggeri i 1947 for Peter J. Hessen m.fl. Heissa pr. Ålesund. Frå 1968 vart Borgund kommune innlemma i Ålesund kommune og båten vart registrert M-44-A. Dette er ein av fleire båtar i denne størrelsen som var bygde rundt midt på 1940 talet. Denne har vore registrert i fleire kommuner og fylker, sjå avsnitt om andre eigarar. Hausten 2011 kom den attende til Sunnmør, den er no ute av Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster

I fiskeriregisteret 1950 står desse spesifikasjonane. Mkr. Safir, Mkr står for motorkryssar. Brukast til, fk som står for kystfiske. Lengde er 34,3 fot, breidde 11,3 fot, djupte 5,1 fot. Motor Volda 22 hk. Den er bygd på doblingspant slik den vanlege byggemåten på Vik var.   Les mer …

MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Bømlo kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar