Forside:Rein og reindrift

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. des. 2014 kl. 13:42 av Olve Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Rein og reindrift
Ung rein i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus) er eit hjortedyr som først og fremst hører til i dei arktiske og subarktiske klimasonane. I Skandinavia og nærområda finst det tre underartar av rein — fjellrein (Rangifer tarandus tarandus), svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus) og skogsrein (Rangifer tarandus fennicus).   Les mer ...

 
Smakebitar
Den øvste gropa i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.   Les mer …

Skoltesamar mjølkar ein rein, trulig i 1890-åra.
Ein mjølkerein (bokmål òg melkerein) eller mjølkarrein er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkereinane ein vesentlig del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nokre få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkereindrift har vore vanlig i store delar av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkereindrifta stort sett forsvunne.   Les mer …

Rein ved Beinn Mac Duibh engelsk Ben Macdui) i Am Monadh Ruadh, engelsk The Cairngorms).
Foto: Richard Webb
Reindrifta i Skottland vart igangsett i 1952 av reinsamen Mikel Utsi (òg skrive Mikkel Utsi; d. 1979) frå Jokkmokk og kona hans, den USA-fødde antropologen Ethel John Lindgren (d. 23. mars 1988). Dei to var på bryllaupsreise til Aviemore våren 1947, og Mikel la merke til at landskapet minte om reinbeita i Lappland. I 1949 etablerte Mikel og Ethel rådgjevings- og forskingsrådet the Reindeer Council of the United Kingdom, og ei stund etter etablerte dei the Reindeer Company Limited — begge med adresse i Cambridge. I 1952 fikk dei importert dei første reinane — alle kom frå flokken hans Mikel i Jokkmokk, og dei fikk i første omgang eit 300 acres (ca 1200 mål) inngjerda område til beite.   Les mer …

Ein rein spring forbi dormande pingvinarSør-Georgia.
Foto: Liam Quinn
Reinen på Sør-Georgia vart introdusert av norske kvalfangarar i 1911. Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simler) i Hemsedal i 1911 og sette dei ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snøras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken.   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …

Slubbo (lulesamisk; nordsamisk šlubbu, pitesamisk slubbok; sørsamisk klobpe) eller digital nekrobasillose, òg kalla smittsam klauvsjukdom og fotrote, er ein reinsjukdom forårsaka av bakterien Fusobacterium necophorum og karakterisert ved eit hudsår og diffus betennelse i blautvevet i foten. Ved lengre tids sjukdom går betennelsen i fotknoklane og foten får ei karakteristisk klubbeform. Sjukdommen smittar særlig lett i samband med høg reintettheit under fuktige forhold. I tidligare tider med intensiv reindrift, da reinflokkane var små og dyra gjerne samla til mjølking o.a. på gjørmute plassar, var slubbo relativt vanlig, medan den ekstensive reindrifta med mindre reintettheit over mykje større område gjer at slubbo ikkje smittar så lett.   Les mer …
 
Kategoriar for Rein og reindrift
ingen underkategorier
 
Andre artiklar