Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking. Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk. Les mer …
Døme på villreinfangstanlegg Gravdalen i Vågå. I framgrunnen ser vi to mura fangstgroper med ledegjerde. I søkket ned mot åa i bakgrunnen ei grop til og kjøtlager.
Den gamle villreinfangsten kan nyttast som fellesnemning på ei utgamal verksemd i sørnorske høgfjellsområde. Sjå om liknande verksemd u Finnmark.
Ein kan til ein viss grad skilje systematisk mellom fangst i høve til jakt, ved at førstnemnde er ein metode som føreset ei form for faste anlegg, «infrastruktur», medan jakt viser til at nokon (jegeren) jagar noko (byttet) over eit areal. Slik jakt er mest aktuell i terreng der jegeren enten kan kome på kloss hald av byttet, dvs. der det er rimeleg tett vegetasjon, eller når jegerane kunne disponere effektive nok jaktvåpen. Men som vi skal sjå kan også fangst kombinerast med jaging. Les mer …
Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune. Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk. Les mer …
|