Berta Kristina Karlsen (1926–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berta Kristina Karlsen. Biletet er truleg tatt kort tid før ho døydde, 17 år gamal.
Foto: Ukjend
Søskena (frå venstre) Adele, Berta og Kristoffer Karlsen ved flaggstanga på Havtun, der dei budde først.
Foto: Ukjend

Berta Kristina Karlsen (fødd 14. november 1926 i Bergen, død 20. april 1944 same stad) var eit av ofra i eksplosjonen på Vågen.

Ho var dotter av los Martin Karlsen (1897–1969) og Anna Kahrs (1901–1970), og var eldst av tre sysken. Ho vart fødd i Bergen, men i 1928 busette familien seg på Fedje. Faren fekk skøyte på eigedomen Havtun, og bygde hus der. I 1941 flytta dei til Holmen på Fedje.

Berta Karlsen var heimebuande på Fedje i 1944, men hadde reist inn til Bergen og var der då eksplosjonen fann sted. Ho vart treft av ein jernsplint, og døydde momentant. Ho vart gravlagt frå heimen på Fedje den 26. april 1944.

Kjelder og litteratur