Elina Nesdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elina Nesdal (fødd 9. mai 1901, død 10. november 1982) var ein av dei siste bebuarane i Lodalen etter rasulukkene i 1905 og 1936.

Liv

Elina Nesdal vart fødd på Indre Nesdal bnr. 3, og ho var dotter av gardbrukar Anders Olson Nesdal (1875-1936) og fyrste kona hans Anna Andersdotter Drageset (ca. 1882-1909). Ho var kalla opp etter farmora si, Elina Olava Nesdal (1849-1917), og var eldste dottera i ein syskenflokk som etter kvart vart ti born.

Nesdal-gardane ligg ved sørenden av Lovatnet, under Ramnfjellet. Vinteren 1905, da Elina var tre år gamal, hende den fyrste rasulukka, der til saman 61 menneske døydde i Nesdal og Bødal på andre sida av vatnet. I Nesdal var det Ytre Nesdal som vart råka, mens heile familien hennar Elina overlevde. I 1909 døydde mor hennar, og faren vart gift på ny med Eli Hansdatter Nesdal. I folketeljinga 1920 var ho 19 år gamal, budde heime hos far og stemor, og er ført opp som «tjenestepike». Ein gong i løpet av dei neste femten åra flytte ho heimanfrå.

I 1936 vart Lodalen råka av ei ny rasulukke, og i Nesdal var det denne gongen Indre Nesdal som vart råka hardast. Elina hadde flytt heimanfrå, men heile familien hennar døydde av flodbølgja. Til saman 26 menneske omkom denne gongen i Indre Nesdal.

Elina Nesdal kom heim og overtok Indre Nesdal bnr. 3 i 1940, og i 1942 sette ho seg opp eit hus av vrakrestar i 1942. Her vart ho buande fram til 1951, da ho flytte derifrå, i følgje Sigurd Nesdal var ho den siste fastbuande her.[1] Elina Nesdal døydde i Stryn.

Fotnoter

  1. Nesdal, side 132.

Kjelder og litteratur