Fænn gnr. 53, bnr. 1 "Sjurbruket" i Markane, Stryn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Sjur Ingebrigtsen Fænn f. 22 november 1840 på "Sjursbruket" på Fænn. Sjur er sønn til Ingebrigt Sjursen Fænn (1809-1871) og hustru Barbro Paulsdatter Svarstad 1817-1899).

Gift 5 november 1867 med Brite Kristine Olsdatter Vik f. 27 oktober 1843 på Vik bnr. 1 "Innigar" i Nedstryn. Datter til Ola Andersen Faleide (1815-1907) og hustru Kristi Henriksdatter Vik (1817-1855)

Sjur Ingebrigtsen fekk skøyte på "Sjurbruket" på Fænn i 1867. I 1910 er Sjur og Brite føderådsfolk på garden. Når han dør i 1915 er det "kun mundige hjemmeværende arvinger"

Fra Fjordingen 4. januar 1933:  

"Brita Vik Fænn er no i sitt 90. år.  Ho vart i 1867 gift til garden Fænn i Markane og hev fostra upp 10 born - 9 lever.  Ho hev alltid vore ei drivande kona og hev teke mangt eit tungt tak på denne avsidesliggjande fjellgarden.  Ho er framleis bra helsesterk og fyl nøgje med det som er uppe i tidi.  Ho les bladi og stiller sjølv sitt radioapparat og lyder interessert til preikor og anna av interesse."


Sjur og Brite hadde barna:

  1. Oline Christine Sjursdatter Fænn (1868-1949)
  2. Ingebrigt Sjursen Fænn (1870-1961)
  3. Kristi (Christi) Ingeborg Sjursdatter Fænn født 2 februar 1872. I 1910 er hun ugift meierske og bor sammen med 12 andre i meieribygget i Gyldenløvsgate 21 i Kristiansand. Hun bodde i Sigurdsgate 17 i Bergen Kristi døde som ugift meierske i Håkonsgaten 1. i Bergen den 16 januar 1962.
  4. Barbra Sjursdatter Fænn født 29 mai 1874. I 1910 er hun barnepike hos familien Trygve Klausen i Kirkegate 15 i Ålesund. Hun bodde sine siste leveår på "Britthaug" på Fænn. Døde som ugift pensjonist den 1 juni 1959.
  5. Ole Sjursen Fænn (1876-1948)
  6. Christian Sjursen Fænn (1879-1958)
  7. Johanne Pernille Sjursdatter Fænn født 30 september 1881. I 1910 er hun "Tjenestepike Kreaturstel" på "Sjurbruket" på Fænn. Hun arbeidet som kokke og husmor ved Mindresund Jordbruksskule. På sine eldre dager bodde hun på "Britthaug" på Fænn. Johanne var ugift og døde på aldersheimen i Stryn den 30 mars 1974.
  8. Berte Anna Sjursdatter Fænn født 11 desember 1883, døde av kikhoste den 8 juni 1885
  9. Berte Anna "Bertanna" Sjursdatter Fænn født 27 juli 1887. Hun var døpt Berte Anna. Dette navnet brukte hun på et kort hun sendte til sin mor og far 21/12-1909.  Hun var ansatt ved Helserådet i Bergen i 45 år, uten en dags fravær.  I valgmanntallet for 1934 er hun oppført som sunnhetsbetjent. Den 1 juli 1956 fikk "Kontrollør, frøken Bertanna Fenn tildelt Kongens Fortjenstemedalje". På sine eldre dager bodde hun på "Britthaug" på Fænn. Hun døde på aldersheimen i Stryn den 6 juli 1981,
  10. Peder Andreas "Per" Sjursen Fænn født 1 mars 1889. Han var fjøsrøkter i Everum. Sveiser var et navn man brukte om en fjøsrøkter.  Det var Sveitserne som innførte yrket til Norge.  I Elverum kirkebok er han oppført som Peder Andreas Fenn.  Han var ugift. Kåre Fenn skriver: "Per Fenn var fjøsmester ved Hovelsåsen Alkoholikeranstalt i 1930-årene helt frem til nazistene ved minister Axel Stang overtok stedet under krigen 1940-1945.  I den tiden han tjenestegjorde på Skollenborg ved Kongsberg, ble han også kjent med hovmesteren hos Kongen, herr Hedenstad, noe han fortalte med ektefølt stolthet..... I 1938 sendte han sin bror Christian Fænn kr. 100,- til kjøp av radio for oss på Løvmo.  Beløpet var godt beregnet (noe han sikkert visste) - NRK's Folkemottager kostet kr. 98,-.  Restbeløpet dekket dessuten store deler av turen inn til hovedstaden for å kjøpe dette vidunderet.  Tre år senere måtte apparatet innleveres til de tyske okkupanter - vi så det aldri igjen." Eneste represemtant for familien ved begravelsen som foregikk fra kapellet ved Elverum hovedkirke 12. sept. 1967 var Kåre Fenn, nevø. Følgende nekrolog fra avisen Østlendingen er skrevet av fru Grønoset, gift med forfatter og journalist Dagfinn Grønoset, begge venner av Per Fenn: "En kjent skikkelse i Elverums gatebilde, Per Fenn, er plutselig død, 78 1/2 år gammel.  Han var født i Stryn, men kom som ganske ung til Elverum, hvor han hadde sitt hjem og virke langt den største tiden av sitt liv, og han følte seg da også som elverumsokning.   Han begynte som sveiser hos Halfdan Brevig og arbeidet senere hos Olaf Sætersmoen og på Gårder under både Otto Aakrann, Gudbrand Aakrann og Knut Aakrann.  En tid var han også fjøsmester på Hovelsåsen likesom han virket i Skollenborg ved Kongsberg noen år.  Han var meget dyktig og samvittighetsfull i sitt arbeid, noe han da også ble påskjønnet for, og var en våken og interessert mann med allsidige interesser. Per Fenn var meget glad i sang og musikk og var en årrekke aktivt med i Elverum Mannskor, han var svært interessert i litteratur og var mer belest enn de fleste, og han skrev sanger og prologer og var en ivrig amatørskuespiller -  mange vil huske ham fra revyer og teater både på Glomdalsmuseets friluftsteater og i Elvarheim.  Han var også meget huslig og vikarierte bl. a. som bestyrer av kafeen i Husmorlagets Hus, i det hele var han en god støtte for husmorlaget. Villig hjelpsom og våken og i besittelse av en god porsjon humoristisk sans, usedvanlig ungdommelig og vital og en mann med sans for livets forskjellige nyanser -  slik var Per Fenn. Et usedvanlig menneske på mange måter.  Budskapet om hans plutselige død vil bli mottatt med vemod av mange."

Ingebrigt Sjursen Fænn født 9 mars 1870.

Gift 25061906 i Hornindal kyrkje med Johanne Bottolfsdatter Fannemel født 14 august 1875 på Fannemel (bnr. 1) "Magne-bruket" i Hornindal. Datter til Bottolf Sivert Andreas Rasmussen Grodås (1841-1929) og hustru Oline Marte Paulsdatter Solheim (1840-1919).


Ingebrigt overtok "Sjurbruket" på Fænn etter faren. I 1910 var 16 år gamle Oliver Lilleheim tjener og 19 år gamle Nikoline Espe "Tjenestepike  Kreaturstel" på Fænn, sammen med Johanne Fænn (1881) som var "Tjenestepike husgjærning". Foreldrene til Ingebrigt, Sjur og Brite Fænn var da føderådsfolk. På gården bodde også Ingebrigts bror Christian Fænn (1879) som da var ugift.

"Besten

Ingebrigt Fænn fyller 80 år i dag. Han var eldste gut av ti søsken. Han fekk skøyte på farsgarden i 1904, og i 1906 gifte han seg med Johanne B. Fannemel. Han tok over styr og stell på garden i 1907. Ingebrigt har vore ein uvanleg arbeidsmann. Garden, skogen og krøtera har vore den største interessa hans. Han har dyrka mykje jord og bygt seterhus og sagbruk. Fjøs og lade har han bygt om. Våningshuset har han også gjort endringar med det som trengtest.

28 år gammal vart han vald inn i heradsstyret. Han var medlem i 24 år etter å ha sagt frå seg to gonger. Han vart varaordførar då Rasmus Skåre vart ordførar.

Ingebrigt har alle dagar vore flink med pennen og ein ordensmann. Dette gjorde at det var han som førde møteboka i kommunestyret. Den vitnar om med si klåre form og pene skrift at det er ein mann som kan sine ting.

Trass i bjørnekrefter fekk han ein lei lagnad med gikt som tok til å herje i kroppen alt i femtiårs alderen. Det hindra han likevel ikkje i arbeidet på garden, i skogen og på saga. Sjølv om han var så giktbroten at han ikkje kunne gå på saga vart han køyrd dit, og stod ved sage benken heile dagen. Det gjekk ikkje lenge. Etter kvart vart også hendene giktbrotne.

I 1934 gav han garden vidare til sonen. Sidan har han vore mykje i huset, men han greidde å krøkje seg til høvlebenken i kjellaren. Til liks med foreldra var han nevenyttig og flink med hendene.

Han trollar fram dei finaste øskjer, korger og laupar. Dei fleste svir han med fine mønster i smia. Rivene han lagar kan synast dei mest kresne.

Ein arbeidsdag vart ofte betalt med ein stovedag, grunna verk, men han gav seg ikkje.

I sine beste år var han mykje nytta som skjønnsmann og utskiftingsmann. Han var også lagrettemann i lenger tid.

Ingebrigt er flink til å fortelje og føl godt med i alt som hender. Smålåten som han er vil han ha minst mogeleg i avisa, men han gav likevel svar på nokre spørsmål.

Han gjekk ni veker omgangsskule og lærarane var Knut Mork, Anders Guddal, John Grov og så O.M. Tonning. Bolstad var prest ved konfirmasjonen.

Kommunestyremøta føregjekk på «Wallhalla», og vegen gjennom Markane  og langs Oppstrynsvatnet var dei store vegsakene. Skulehus var det mindre snakk om.

-Var det interessant å sitje i kommunestyret?

-Ja, somme tider var det interessant, men andre tider var det felt til veiding og vasing. Det var vel då som no kan eg tenkje meg. Første budsjettet eg kan hugse var på 10.000 kroner. Vi stod oss godt økonomisk og budsjetta vart oftast gjort opp med overskot. Vi sette overskotet i banken og skattebetalarane klaga. Dei tykte dei vart pressa i uttrengs mål.

-Kva var mest morosamt?

-Det var byreisene med råsegl jekt. Då hadde vi med material som vi selde. Heim kjøpte vi med korn,  erter og gryn. Litt sukker, men det var ikkje mykje vi brukte. Sko og kleda laga vi sjølve. Det einaste kunne vere litt solelêr. Vi kjøpte også eit brennevinsanker på 40 liter. Det kosta 36 kroner og vart delt på fleire. Det var ikkje så mykje drikking.

Frå byturane hugsa han ein 1.mai med demonstrasjon for åtte timars dag. Han tykte det var rart at folk kunne tenkje seg ein så kort arbeidsdag.

-Vi arbeidde frå tidleg morgon til seint på kveld for å vinne over alt. Eg har alltid vore glad i arbeidet. Når det var lite å få for varene måtte vi arbeide desto meir.  Arbeidet var likevel ein underordna ting.  Gleda over å kunne greie seg frå år til år var det viktigaste.

-Kva trur du om framtida?

-Eg vonar eg slepp å oppleve endå ein krig. Dei som er yngre slepp vel ikkje det. Mætare ser det ikkje ut i mine auge, diverre."

(Skive i Fjordingen då han var 80 år.)


"Han var fødd og vaks opp på den vakre garden Fænn i Stryn.  Han var komen av evnerikt folk.  Slekta har merkt seg ut ved kjærleiken til skogen og jorda og sin sterke sans for soge og tradisjon.  Og Ingebrigt hadde fått sin fulle part av ættararven.  Tett etter hundreårsskiftet tok han over odelsgarden (skøyte 1904), la ny jord under plogen og driv garden på ein mønstergyldig måte.  Ved sida av gardsarbeidet dreiv han med skogsdrift og med sagbruk og ellers var han ein særs hendig mann.  Han var i sine beste år med i mest alt kommunalt styre og stell i bygda, og i mange valbolkar sat han i Stryn kommunestyre og formannskap, og var eit tid varaordførar.  Han var og nytta som sjøns- og utskifting- og lagrettemann.Det som særmerkte Ingebrigt Fænn var hans faste vilje til å arbeide for det han tykte var rett.  Han var ein klok mann, og ein mann til å lite på når han fann ei sak å gå inn for.  I dei seinare åra var han mykje sjukeleg, så arbeidet i skogen og på garden måtte han gje opp for lenge sidan.  Garden gav han frå seg til eldste sonen i 1934.  

Med Ingebrigt Fænn er ein god bygdemann og granne gått til kvile.

Signing over minnet hans."

(Av G. Øvreberg i Sunnmørsposten. 


Følgende kommentar om Johanne er skrevet av barnebarnet, journalist Inge Fænn:

"Før ho gifte seg var ho meierske på Støverstein i indre Hornindal.  I "Hornindalsboka" er eit bilde frå dette meieriet, og kvinna som er nemnd som Johanne Raftevold (ho sit og mjølkar ei geit) skal vere Johanne Fannemel (besta Fænn).  Dette er levert som merknad til boka med tanke på seinare utgåve.

Det er fortalt at ein gong hadde ho fri og skulle sjå Fænn for første gong.  Saman med andre ungdomar starta ho laurdag ettermiddag og gjekk over fjellet frå indre Hornindal til Skår (Nedstrynskår).  På dei to gardane var så mykje ungdom og tenarar at der var dansarstove, og "musikken" var ei eldre kone som sat i senga og tralla.

Søndags morgonen gjekk fylgjet vidare gjennom Stryn og over fjellet til Fænn.  Der bad dei om drikke og Johanne stod godt gøymd i flokken og såg seg rundt.

Frå Fænn gjekk dei vidare til Hornindal og Johanne måtte gå heilt til Støverstein for å vere på plass til geitene skulle mjølkast måndags morgonen.

Det var frå tida som meierske besta alltid brukte eit stort kvitt skaut når ho kinna smør eller steikte sveler og potetkaker i eldhuset.  Alt skulle vere reint og fint.

Ho var spesielt flink å lage kringler og serverte dei ofte med ripsgele.  Ein festmat for oss borna.  Det var berre ho som laga gele.

Så lenge helsa heldt serverte ho frukost 2. juledag for heile garden - dei inne i stova og vi på Bakkå - ikkje Britthaug og Neset.  Det opna alltid med ein juledram (akevitt) - Bitte små glas og berre ein.

Vi bornborna vart også bedne i bestastova for å dundre (kaste ut) juletreet.  Då var det mykje godt, og vi song rundt treet.

Etter Johanne S. Fænn er det fortalt (Fjordingens julenummer 1969 av Inge Fænn) at første juletreet på Fænn kom sist i 1890-åra.  Det aller første kom ved at Brite Fænn snudde ein nylaga sovl, sette han i ein krok og pynta han med litt glitter og stas.

"Besta" - Johanne Bottolfsdatter, var sprek til det siste.  Ho døydde 30. okt. 1968 - 93 år gamal.

Då ho var 90 var det stor samling av slekta på Fænn, og ho hadde vitjing mellom anna av søstrene Elina Rørhus (Opel Rørhus i Ålesund) som vart 94 år, og søstra Berta som vart 98.  Berta var ugift og budde siste leveåra i Engesetdalen på Skodje hjå søstersonen Rasmus Rørhus som hadde gard i tillegg til bilane i Ålesund.  Opel Rørhus er framleis i slekta - no ved Bjørn Oskarson.  Berta var tenestejente i Ålesund då byen brann, og fortalde mykje om det.

Det var ei storhending for oss som var små på Fænn i femtiåra, når Rørhusane kom med årets modell.  Vi fekk sitje på ned Dalane og late opp dei fire grindane, i Heidningshaugen, Vassledet, neda i Saga og Daleledet.

Besta var kjend for nokre herlege nysekuler som høyrdest over heile garden.  Vi ungane kalla det bestanys, og etterlikna så godt vi kunne.

Besta var ikkje sjuk lenge.  Berre 14 dagar om eg ikkje hugsar feil.  To dager før ho lagdest til sengs var ho på Bakkane og kokte klubb til meg og far.  Etter middagen strauk ho seg over magen og sa at eg trur det er siste gongen eg er på Bakkane.  Far ba henne legge seg ned på divanen, og sa at klubben gjev luft i magen og smerte.  Besta kvilde litt og gjekk nedatt bakken.  Eit par dagar seinare kunne doktor Andenæs fastslå magekreft."


Ingebrigt og Johanne hadde barna:

  1. Sjur Ingebrigtsen Fænn (1907-1969
  2. Borghild Ingebrigtsdatter Fænn (1908-1996)
  3. Birger Ingebrigtsen Fænn (1910-1979)
  4. Olav Ingebrigtsen Fænn (1913-1989)
  5. Oddrun Marta Ingebrigtsdatter Fænn (1916-2006

Sjur Ingebrigtsen Fænn født 17 april 1907.

Gift 18 august 1934 med Birgit Emilie Lunde født 27 oktober 1907. Datter til major Per Børresen Lunde (1879-1956) og hustru Catharina Charlotte Hansine Bjerregaard (1875-1956).


Sjur overtok "Sjurbruket" på Fænn etter faren, og fekk skøyte den 18 januar 1933.

Sjur var leiar i festnemnda  og helsa velkomen til Markane skyttarlag sitt 70 års jubileum  3. juledag 1950.


Fjordinge 17. april 1967  - Sjur Fænn 60 år

"I dag, måndag 17 april, fyller Sjur Fænn 60 år. Alt frå sin tidlegaste ungdom har Sjur synt rike evner og stor dugleik. Hans første tillitsverv var som formann i Markane Ungdomslag. Då var han berre 18 år.

I 1928 gjekk Sjur Mindresunde Jordbruksskule, og var den beste eleven på dette kullet. Han hadde stor interesse for vidare skulegong. Men anna kom i vegen. Faren vart tidleg dårleg av gikt, og etter jordbruksskulen måtte Sjur for det meste overta drifta av garden.

I 1934 gifte han seg med Birgit Lunde, og saman har dei fire born, alle dugande og flinke folk.

Av tillitsverv har Sjur hatt mange, men den lengste tida sat han i Stryn likningsnemnd, der han var formann i fleire år. I styret for Stryn Saprebank har han vore, dei siste åra som formann, til han sa frå seg ved årsskiftet. Han har også vore medlem av kommunestyret.

Ein dugande gardbukar har Sjur også vore, men hans største interesse har likevel vore skogen. Ja, det er vel få som har vyrdsla og stelt ein skog slik som han har gjort det.

Det som sermerkjer Sjur Fænn er orden vog flid i alt han steller med. Han slepper ingen ting frå seg før det er velgjort.

Alle som kjenner Sjur veit at han er ein vensæl og hjelpsam mann, og det er mange som kan takke både for hjelpande hand og gjestfridom.

Med dette ynskjer vi lukke til med 60 års dagen og komande dagar."

Sambygding


Fjordingen 7. februar 1969 s. 1,  (K,M. står truleg for Knut Mork som var ordførar i Stryn på den tid.)

"Minneord over Sjur Fænn

Vi er så få her i landet,

Hver fallen er bror og venn.

(Nordahl Grieg)

Desse orda fall oss i tankane då vi fekk vite at Sjur Fænn var gjengen til kvile.

Bodskapen om dette kom ikkje heilt uventa. Vi visste at han var alvorleg sjuk og låg på Rikshospitalet. Men inst inne hyste vi ei lita von om at den sterke mannen skulle vinne over sjukdomen. Slik var det ikkje laga. Han var komen til vegs ende.

I dag er vi mange kringom i bygdene som kjenner den største medkjensle med huslyden hans og folket i den fåmennte grenda, som så altfor tidleg misste ein sterk og god husbond og far og granne.

Men også vi som lærde Sjur å kjenne gjennom samarbeid på mange omkverve veit at vi har lide eit tap ved at han nå er borte. Han var av desse som tidleg møtte den største tiltru. Det vil falle for langt å nemne alle dei oppdrag han fekk, og alle dei nemnder og styre han var med i innan skogbruk og jordbruk, i kommunen og i banken.

Alle stader hadde dei bruk for hans gode innsyn og rolege og saklege dømmekraft. Han var ikkje av dei som tok lange steg ut i uvissa, eller tumla med radikale idear.

Han ville vere overtydd om at han kjende vegen, å ha funne fram til kjernen og sanninga i ei sak før han gjekk vidare. Sjøl tykte han at han fekk altfor mange offentlege oppgåver, og han drog seg attende frå dei fleste når han kunne sleppe fri.

For først og fremst var han den naturelskande skogbrukar og bonde, som alltid bar med seg ein dåm av skog og fjell og brear og lange utsyn, slik han hadde det for augo på heimegarden. Det var som ei andakt for oss andre bønder å møte han der i hans eige rike, den gamle ættegarden med dei velsslegne vollane med snorrette høyhesjar, den fine sagskuren av grovt tømmer, det velordna tunet, og med storskogen kringom. Alt vitna om ein mann som var velgjerande i alt sitt arbeid, ein ordenskar i vidaste tyding.

Det vert ikkje lenger det same å kome til grenda, og ikkje verte mottekne av den trauste arbeidsneven, den gode låtten og det typiske "breblinket" i augo.

Nå får vi berre takke for alt han har vore for så mange, og det gode minnet vi har om han vil vere som ein dyr og god eignalut." K. M.


Birgit flyttet som syvåring til Sortland og bodde der i 10 år.  Etter middelskulen gjekk ho 2-årig gymnas på det nyoppretta Sortland Kommunale Gymnas, latinlinja.  Hun tok eksamen som privatist i Tromsø.  

I 1925 bodde hun hos tanten og onkelen, Emma og Thomas Schmidt, på Korsøgård i Danmark.  Hun reiste fra Norge den 5. november 1924, og skal være på Korsøgård ca. et års tid, for å lære seg fine manerer, og hun har fått streng beskjed at det er forbudt å snakke med tjenerne på gården.

Seinare arbeidde ho som resepsjonsdame på "Hotell Atlantic" i Sandefjord til 1933.  Periodevis var også søstrene Frigg og Ester i arbeid der, Ester som inspektrise.  Birgit var en bestemt dame som visste hvordan hun ville ha det.

På Fænn hadde de 8 melkekyr som Birgit tok seg av.  Hun ble lei av å melke med hånd, og i 1957 tinga hun ein melkemaskin, men hun likte ikke disse "tekniske greiene", så det ble til at Sjur måtte overta. Birgit døde på Fænn den 18 januar i 1976.


Sjur og Birgit hadde barna:

  1. Ingebrigt "Brigt" Fænn (1935-2021)
  2. Per Christian Fænn (1936-2020)
  3. Inger Johanne Fænn (1939-1961)
  4. Bjarne Fænn (1941-2011)

Ingebrigt "Brigt" Fænn født. 30 juni 1935.

Ingebrigt overtok "Sjurbruket" på Fænn etter faren. Han var ugift.

I 1959 gikk han på jordbruksskolen i Utvik, (her hadde de 17 fag).

Da faren var 55 år gammel i 1962, overtok Brigt den daglige driften av gården.  Offisielt overtok han Fænn i 1970 etter moren som da satt i uskiftet bo.

Han har lagt ned et utrolig arbeid i vedlikehold og utbedring av bygninger, vedlikehold og bygging av skogsveier, opparbeidet gamle og nye dreneringsgrøfter og ryddet skogen på Fænn på en forbildedlig måte.

Ingebrigt har oversatt et stort antall eldre Fænn-dokumenter, slik som festebrev og skjøter etc. fra gotisk til vanlig skrift.  

Våren 1997 overtok søstersønnen, Sigbjørn Fænn gården, og Ingebrigt flyttet ned til den gamle husplassen "Frednes". Ingebrigt hadde revet det gamle våningshuset på "Neset" og satt opp et nytt på den gamle grunnmuren (utvidet med ca. 1 m i bredden).

Etter at han overlot gården til Sigbjørn Fænn, er han mest interessert i å arbeide med ting som har varig verdi for gården.


Per Hatledal

Minneord

Fjordingen 7. april 2021.

"I daglegtale gjekk Ingebrigt under namnet Brigt. Han var bonde på garden Fen i Markane. Brigt var kjent som ein ordensmann. Det var alltid godt oppussa i alle hus og ute rundt om på garden. Brigt var svært kunnskapsrik og kunne nådd langt med utdanning. Men det var farsgarden han skulle overta, difor tok han jordbruksutdanning på Langvin.

Der laga han eit stort herbarium og han tok til seg stor kunnskap om plantane våre. Dette drog han med seg heile livet og han kunne namna ikkje berre på norsk, men også latin. Brigt studerte også fugle- og dyrelivet i skogen. Så var det namn på ein plante, ein fugl eller eit dyr, var det berre å spørje Brigt, han visste det.

Brigt var eldst i ein syskenflokk på fire, to brør og ei syster. «Grenda» kallar vi Fen og nabogardane. Det var ikkje bilveg då Brigt vaks opp, så skulevegen gjekk til fots, ski om vinteren. Saman med nokre jamnaldringar på nabogardane dreiv dei med idrett, spesielt på ski hevda dei seg blant dei beste i Nordfjord. Brigt dreiv dette ikkje så langt, han var oppteken med gardsarbeid. Men fysisk sterk var Brigt. Utan det slag spesialtrening tok han ein 6. plass i det første Holmøyskarrennet (1967) i klassen turlangrenn 20-35 år. Brigt har også hoppa 54 m i Siklebakken i Hornindal.

Brigt var svært musikalsk og han fekk tidleg eit trekkspel. Saman med bror sin Per spela dei mykje i heimen. I Grenda var det fleire som spelte trekkspel, og dei kom i lag og spela.

Brigt kom saman med Asbjørn Lødemel som hadde spela litt til dans saman med Kirsten Dybevoll. Brigt og Asbjørn tok til å spele i lag til dans og underhaldning frå tidleg på 60-talet. Seinare kom det fleire til, og dei vart ei gruppe På 90-talet tok spelegruppa namnet Markagjengen og er fortsatt aktiv. Dei spela rundt om i Nordfjord og litt på Sunnmøre. Brigt hadde lært å spele etter notar og lærte vidare melodiane til dei andre. Han var med i gruppa til han var 84 år.

Brigt var ein ivrig jeger. Småviltjakta gav han seg med fordi han tykte bestanden avtok. Men som hjortejeger var han dyktig. Det var i skogen han jakta og han skaut ikkje før han var sikker på treff. I sin ungdom hevda Brigt seg godt på baneskyting.

Brigt og eg er syskenbarn og eg vart tidleg kjent med Brigt. Då eg var ung var eg ofte inn i Grenda og hoppa på ski. Der var det fleire bakkar med Storbakken som den største. Brigt hadde slutta å hoppe då eg tok til, men han var som regel med og såg på. Det var ein god del arbeid å lage til desse bakkane, og då var Brigt god å ha.

På 80-talet tok Markane IL til med Ullsheimsutbygginga. Brigt var grunneigar der vegen og bygningane ligg. Eg var leiar i idrettslaget og det var mi oppgåve å forhandle om grunn til skianlegget. Dette var ikkje så vanskeleg. Etter litt prat og nokre spørsmål var svaret, ja de må vel det då. Det var berre det at skianlegget var stadig i utviding, meir parkering, skiskyttaranlegg, arenahus, garasjebygg og endå meir parkering. Og kvar gang måtte eg avgarde å spørje om meir grunn. Men svaret var det same, de må vel det då. Noko betaling for grunn var ikkje tema på den tid. Det var mykje dugnad ( lysløypa i 77-78 ) utover heile 80-talet. Ein som var lett å spørje og stilte opp var sjølvsagt Brigt.

Det var så kjekt å snakke med Brigt, han hadde ein slik lun humor krydra passeleg med ironi. På joggeturar innover mot Grenda kunne eg treffe på Brigt. Han dreiv mykje med kultivering i skogen. Då slo vi alltid av ein prat, og det kunne gå lenge før eg kom meg vidare.

Desse pratestundene med den lune humoren hans kjem eg til å hugse all min dag.

Ingebrigt har fått eit fortent æresmedlemskap i Markane idrettslag."


Brigt var ein av grunneigarane som gav grunn til skianlegget rundt Ullsheim. Han døydde våren 2021, men vart heidra med æresmedlemskap og eitt minutts stille under årsmøtet i Markane IL den 1 desember 2021. De andre som ble æresmedlemmer denne dagen var Per Hatledal, Rasmus Dybevoll og Solveig Dybevoll.

Sigbjørn (Kleiveland) Fænn født 1969

Sønn til Rolf Magnus Kleiveland (1936-) og Inger Johanne Fænn (1939-)

Gift 5 august 1995 i Hamre kyrkje på Osterøy med Linda Fotland født 1969 i Bergen. Datter til brannmann Asbjørn Fotland (1846-) og hustru Ingrid Eliassen (1947-)

Sigbjørn bodde først på Kleiveland på Osterøy og var da ansatt som ekspeditør ved Bergen Supply.  Våren 1997 flyttet hele familien til Stryn, nærmere bestemt Fænn i Markane, for å overta gården etter onkelen Ingebrigt Fænn. Sigbjørn endret navnet sitt til Fænn.

Til å begynne med hadde han stuter, men gikk senere over til sauer.  I 2002 kjøpte han border collieren "Birk", fra Sindre.  Den var en god hjelper når sauene skulle samles. Senere fikk han hundene: "Helle", "Moss" og "Pippi".

I oktober 2006 vart Sigbjørn, med hunden Moss, fylkesmeister for gjetarhundar.

Sigbjørn har vært leiar i gruppestyret for "Barn-Ungdom-Trim" i Markane Idrettslag (2001/2002). Han er og leiar i skigruppa i Markane Idrettslag. I 2016 bygde han nytt sauefjøs med plass til 200 sauer.

Linda arbeider som hjelpepleier i Hornindal.


Sigbjørn og Linda har Barna:

  1. Isak Fotland Fænn f. 1993
  2. Jonas Fotland Fænn f. 1996
  3. Sigurd Fotland Fænn f. 2002

Litteratur og Kjelder

  • Gravstøtte, Nedstryn kyrkjegard
  • Folketelling 1900 for 1447 Innvik herred
  • Folketelling 1910 for Stryn herred
  • Kirkebok for presten i Innvik, bind II, 1816-1844
  • Kirkebok for presten i Stryn IV, 1844-1900
  • Lånt liste av Anders Kirkeeide over gravplasseringene i Nedstryn
  • Digitalarkivet: Døde i Nedstryn sokn 1878-1963
  • Digitalarkivet: Døpte i Stryn 1844-1877
  • Nordfjord, Innvik-Stryn I, frå gamle dagar til no. (Jacob Aaland)
  • Digitalarkivet Gravlagde i Nedstryn sokn prestegjeld 1878-1963
  • Dødsfall i Stryn, Nordfjord 1896-1909
  • Klokkerbok, Hornindal prestegjeld, 1894-1927
  • Ministerialbok, Stryn Sokneprestembete, 1878-1907
  • Grunnboksinnformasjon fra Statens Kartverk
  • Fjordingen for 55 år sidan (1950) Markane skyttarlag 70 år
  • E-mail: Inge Fænn, 22.12.2009
  • Klokkerbok, Stryn, Nedstryn 1906-1924
  • Fortalt av Arne Kenneth Husebø
  • Fortalt av Jenny Fenn 23 september 2022 til Bjørg Anny Fænn Husebø
  • Fortalt av Inger Johanne (Fænn) Kleiveland, 7. juni 1996 til Arne Kenneth Husebø