Fænn gnr. 53, bnr. 8 "Bakkevoll"

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Birger Ingebrigtsen Fænn var fødd på "Sjursbruket" på Fænn i Markane den 13 juli 1910.

Han var son til Ingebrigt Sjursen Fænn (1870-1961) og hustru Johanne Bottolfsdatter Fannemel (1875-1968)

Gift 30 oktober 1942 med Nora Isaksdatter Svarstad fødd på "Isak-bruket" på Svarstad den 1 juni 1911. Dotter til Isak Paulsen Svarstad (1879-1962) og hustru Ingeborg Nilsdatter Hole (1886–1989) Birger fekk skøyte i 1942 på "Bakkevoll" som var skilt ut fra bnr. 1 "Sjursbruket" på Fænn. Bygningene vart oppsette i 1948. Birger Fænn dreiv skifabrikasjon i Markane i åra rundt 2. verdskrig.

Birger stod ein gong under siste krigen inne på butikken til Hans R. Sunde.  Birger vog eit langt og tungt jordbruksspett i handa og sa:  "Kva gjev du meg om eg tek dette spettet lengst ute i klenenden og held det rett ut på strak arm?"  "Då skal du få spettet," var svaret til Odd Sætre.  Birger heldt spettet sytalaust.  Odd Sætre betalte og sa:  "Dette er det ingen her i bygdene som gjer deg etter."  "Å - eg treng no ikkje å vere lenger vekk enn heime på tuna, so er det ein som greier det."  Han sikta til broder Olav. (Fortalt av Børre Lunde i Fjordingens Julenummer 1997). Birger døde den 45 juni 1979.

Markane fekk sitt eige bondekvinnelag 16. april 1950, og Nora Fænn blei valgt til lagets første skrivar. Nora døde den 14 februar 1964.

Birger og Nora har sonen:

  1. Inge Fænn f. 1945[1]

Inge Fænn var født den 30 april 1945 på "Bestastoveloftet" på Fænn.

Gift 23 juli 1979 i Kong Håkons kyrkje i København med Ingrid Gjerde fødd den 19 april 1948 i Ålesund. Dotter til Bjarne Gjerde (1915-2010) og hustru Hilda Pauline Larsen (1912-1990. Ingrid er lærar

Inge er journalist og redaktør i Fjordingen, organisasjonsmann og forfattar

Han starta sin journalistiske løpebane i 1969.  Etter fem år i Fjordingen, arbeidde han ved Sunnmørsposten sitt avdelingskontor i Stryn frå 1974 til 1993.  Dei neste fire åra var han tilsett som journalist i "Fjordingen", og den 15. oktober 1997 overtok han som redaktør. Slutta som redaktør august 2005, men fortsette som journalist.

Leiar i hovudkomiteen for ski-NM i Stryn 1996. Leiar i Sogn og Fjordane Skikrins. Medforfattar av bøker om Alexandra Hotell og fotballspelarane Flo - Flo united, et norsk eventyr om fotballfamilien Flo (Aschehoug 1999) og forfattar av 40 år med buss i vest (Vest-Buss Car AS) i 2005.

Fjordingen. 09.06.2004. Skiforbundet sin pokal til Inge Fænn

Sogn og Fjordane skikrins hadde krinsting på Raftevolds Hotell i byrjinga av juni 2004.  Det vart gitt ekstra merksemd til utdelinga av skiforbundet sin pokal til Inge Fænn.  Denne utmerkinga heng høgt, og Inge Fænn fekk henne for langvarig, stort og godt arbeid i skiforbundet. Anders Felde fekk representere ski-presidenten som sende varme helsingar og takk for vel gjort arbeid gjennom meir enn ti år i NSF.  Vi skal ikkje nemne opp alle verva her men konstatere at Inge Fænn var leiar av hovudkomitéen for NM på ski i Stryn i 1996.

- Du er ein modig , initiativrik, kreativ og ærleg person som går på talarstolen og seier di meining utan å gå bak ryggen på folk.  Du har eit godt kontaktnett som du har brukt på ein framifrå måte til å fremje skiforbundet sine saker på.  Eg vil ta så sterkt i som å seie at utan deg og kontaktene dine, ville Stryn aldri fått Junior VM 2004, sa Felde mellom anna, før han gav pokalen til Inge Fænn.

Fænn tok i takketalen sin fram "fotfolket" som til dømes under NM i 1996 skufla snø inn i løypene som heldt på å renne vekk, til alle som stod parkeringsvakt og ikkje såg eitt einaste renn, til dei som hadde store eller små oppgåver. - Eg tenkte på dokk alle då eg som leiar i hovudkomitéen stod og fekk god mat på hovudtribunen og fekk helse på kongen. Utan fotfolket frå dei arrangerande laga, vil slike store arrangement aldri gå.

Inge og Ingrid har sønnen:

  1. Sjur Børre Gjerde Fænn f. 1982. han er gift med Maren Larsen f. 1985

Fotnotar

Litteratur og kjelder

  • Ministerialbok, Hornindal, 1887-1917
  • Gravstøtte, Stryn kirkegård.
  • Folketelling 1910 for Stryn herred
  • Lånt liste av Anders Kirkeeide over gravplasseringene i Nedstryn
  • Ministerialbok, Innvik prestegjeld, Innvik sokn 1903-1929 (1447P)
  • Nordfjord, Innvik-Stryn II, frå gamledagar til no. (Jacob Aaland)
  • Fjordingen 02.05.2005. Fjordingen for 55 år sidan (1950). Nytt bondekvinnelag
  • Fjordingen 10.10.1997
  • Fortalt av Inge Fænn til Arne Kenneth Husebø