Fargarstova

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fargarstova anno 2020 - fargeriet i kjellaren, bustad over.

Fargarstova ligg midt i Balestrand sentrum. Ein del av huset er ei gamal kårstove frå garden Ese. Ho vart flytt hit kring 1877-1878. Det var fargar Rasmus Valentinsen frå Bergen som slo seg ned her i ei tid då aukande turisme tok til å prega Balestrand.

Rasmus Mathias Valentisen

Rasmus Mathias Valentinsen var fødd i Bergen i 1833. Han hadde gått 6 år i fargarlære der, og han hadde og ei tid drive fargeri i Bergen. Av ein eller annan grunn fekk han det føre seg at han skulle dra til Feios i Sogn og starta fargeri der. På båten innover kom han i snakk med ein kar frå Lundsviki i Balestrand. Rasmus fortalde om planane sine. Mannen frå Balestrand meinte at Lundsviki var ein betre stad for slikt enn Feios. Rasmus skulle få bu hjå han, og han kunne òg få leiga kjellaren hans til fargeriet. Slik gjekk det til at Rasmus ikkje hamna i Feios, men starta fargeri i kjellaren i eit hus i Lundsviki.

Rasmus flytter til Holmen

På denne tida hadde Ola Kvikne kjøpt gjestgjeveriet i Holmen, og sentrum tok til å flytta seg frå Lundsviki til Holmen. Dette såg nok Rasmus, og han såg seg etter tomt der. Ola Kvikne såg klårt føremoner med at Rasmus kunne etablera seg i Holmen, og gav han tomt på sin eigedom. Rasmus kjøpte eit hus hjå Lars L. Ese som han sette opp på tomta. Huset var truleg bygd mellom 1800 og 1830, og han bygde på litt i den eine enden som vender mot Holmen. I kjellaren fekk han innreia fargeri, og i første høgda og på loftet fekk huslyden bustad. Rasmus sette òg opp eit uthus nedom bygdevegen som var kombinert naust og grisehus.

Mest vadmål

Det var helst vadmål som vart farga. Det kom i store stuvar som nok var tunge å handskast med. For at fargen skulle sitja godt, var det vanleg å skola vadmålet i sjøvatn. Gamle Anders Balevik hjelpte Rasmus med dette. Dei måtte ro ut på fjorden slik at dei kunne få gjort dette skikkeleg. Vadmålet måtte så turkast, pressast og trekkjast opp på store rullar. Dette måtte borna hjelpa til med. Rasmus var svært nøye med at vadmålet kom rett inn på rullen.

Stor familie

Rasmus var først gift med Berte Sofie Larsen (1834-1870). Dei fekk 8 born. Dottera Mathilde Marie vart gift med kunstmålar Alfred Heaton Cooper frå England. Dei bygde Cooperhuset som står nede på kaia i Balestrand. Seinare flytte dei til England. Rasmus gifte seg opp att i 1873 med Marianne Pedersen frå Bergen (1855-1939). Dei fekk 6 born. Marianne var bydame og på folkemunne vart ho kalla fargarmadammen. Rasmus sjølv døydde i 1908. Mange av borna døydde unge eller ugifte slik at slekta etter han ikkje er stor. Sonen Reinhardt Mathias, f. 1881, står med yrkesnemninga fargar i folketeljinga i 1900. Truleg hadde han planar om å ta over verksemda etter faren, men Reinhardt døydde alt i 1908, same året som faren.

Tulli

Eine dottera frå 2. ekteskapet heitte Antonette Beate og var fødd i 1889. Ho døydde i 1983. Antonette budde i fargarstova heile sitt liv. På folkemunne heitte ho berre Tulli. 20 år gamal tok ho til på butikken hjå Kvikne og arbeidde der heile sitt yrkesaktive liv. Om somrane hende det òg at ho hjelpte til i spisesalen på hotellet. Ein sommar var ho òg i teneste hjå Miss Abbott, ei rik amerikansk dame som budde i Balestrand kvar sommar. Tulli var ugift.

Stova vart berga

Då Tulli døydde, var det uvisst kva som ville skje med stova. Huset var gamalt og trengde vedlikehald. Nokre ville riva det. Alvhild Tveit, som var leiar i kulturstyret, meinte at stova hadde sin verdi og burde restaurerast og takast vare på. Ho arbeidde energisk for å samla støtte for sitt syn. Til slutt fekk ho og reist ein del midlar til restaureringa og det vart gjort vedtak om å ta vare på stova. På slutten av 1980-åra vart stova sett i stand, og tanken var å nytta ho til kulturføremål, utstillingar med meir. Ho hadde slik funksjon nokre år, men seinare vart ho seld til private. Då stova var ferdig restaurert og skulle innvigast, kom etterkomarar etter Alfred Heaton Cooper og kona Mathilde Marie Valentinsen frå England. Dei hadde med seg eit målarstykke som dei gav til stiftinga som hadde ansvar for stova. I dag er stova i privat eige og vert nytta som feriestad. Stova vart berga og står der i dag som eit minne om fargar Rasmus Valentinsen og om tida då sentrum i Balestrand voks fram som følgje av aukande turiststraum til bygda.

Kjelde