Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Kø på ferjekaia i Lødingen.
Foto: Nasjonalbiblioteket
(1963)
NEG 256 Ferger er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2015 med tittel Ferger. Utsendarar var Heidi Richardson ved Hardanger Fartøyvernsenter.   Les mer …

Gravferd ved Moland kyrkje i Fyresdal. Presten er Ivar Mortensson.
Foto: Olav S. Nylid
(1910-1914)
NEG 64 Død og begravelse er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1957 med tittel Død og begravelse. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Spørsmåla i denne spørjelista har også sammenheng med NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar og NEG 49 Kyrkjelege skikkar. I 2012 vart det sendt ut ei ny liste som dokumenterer korleis emnet hadde endra seg dei drøye 50 åra som hadde gått, NEG 240 Død og gravferd.   Les mer …

Nyoppsatt skigard ved Sterke-Nils tunet på Dyrskuplassen i Seljord.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen
(2008)
NEG 15 Gjerde er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1949 med tittel Gjerde. Utsendar var Brita Gjerdåker.   Les mer …

Rundballeproduksjon på Hals på Tustna.
Foto: Olve Utne
(2008)
NEG 163 Fôrproduksjon er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1993 med tittel Fôrproduksjon. Utsendarar var Anne Moestue, Göran Rosander og Else Matheson Svenkerud.   Les mer …

Dokument som hører til arkivet

MiM Familie- og firmaarkiv (forkortes MiM FFA) er et privatarkiv som ble etablert den 1. januar 2015. Siden den 22. mai 2018 eies det av Statsarkivet i Trondheim.

Arkivet er en samling delvis intakte personarkiver og firmaarkiver, og omfatter i tillegg individuelle dokumenter samt et mindre antall artefakter. Arkivet rommer vel 250 originaldokumenter fra 1863 til 2000, og omtaler tusentalls personer, firmaer, maskiner og videre.

Arkivet har geografisk størst vekt på Helgeland-regionen. Det har stor lokalhistorisk relevans for Alstahaug-distriktet, og er også viktig for Vefsn-distriktet med Mosjøen by. For øvrig har arkivet innslag av dokumenter som angår Lofoten, Vesterålen, Trondheim by, Oslo by og Gjøvik by.

Arkivet har tematisk størst vekt på bilisme, herunder bilrelatert næringsliv.   Les mer …

Annonse i Aftenposten.
Foto: Aftenposten 28. januar 1885. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.

Falkumelvens Iskompani ble startet i 1875. Iskompaniet skar isFalkumelva og oppbevarte isen i ishus som lå på Myren i Skien. Falkumelvens Iskompani ble etablert av brukseier Thorvald Schiøtt, stadsingeniør Richard Arnold og agent Robert Prizelius. Selskapet ble formelt registrert 21. januar 1875.

Før dette hadde Richard Arnold og Eduard Otto Jonassen inngått en avtale med Andreas Halvorsen Tvedten som var eier av Søndre Falkum i Eilert Sundts gate 40 om å leie elva langs gården. Leieprisen var 60 spesiedaler i året. Jonassen var allerede eier på begge sider av elven sør for Falkum-gården, og iskompaniet hadde derfor et stort område å hente isen fra.

Iskompaniet oppførte tre store ishus på Myren, i tillegg til et lagerhus på Gråten.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar