Forside:Landbruksutstyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Landbruksutstyr
Landbruksutstyr
 
Smakebitar
Vidjespenning.
Foto: Truls Erik Dahl.
NEG 21 Vidjer er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Vidjer. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Brynstokk (brynestokk, bryn(e)strump, bryn(e)strunk) (t.v.) og eit utval av Brynestein (grove bryne) og heinar (fine bryne) i ulike materiale, former og størrelsar.
Foto: Olve Utne, 2008
NEG 3 Brynet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1947 med tittel Brynet. Utsendar var Lily Weiser-Aall, Hilmar Stigum.   Les mer …

Haslekroken klar til bruk
Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» eller "natakrokinj", er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok. Brukaren heldt i den tynne enden.

Alle reidskapar blir oftast brukt til fleire ting. Den same, eller ei litt grovare utgåve var med når storuksane/"foreiningsuksane" skulle hentast frå sommarhamning. Då vart den brukt til å krøkje i naseringen for å få tau i ringen og dermed kontroll på uksane som oppførte seg som udyr etter månader på frifot.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.   Les mer …

Nappakrok («høytjyv») frå Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne
Ein nappakrok, nappekrok eller ein høytjuv (nynorsk/bokmål), òg skrive høytyvbokmål, er ein harpunliknande reiskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vera oppbruka.   Les mer …

Bering av høybåre på TustnaNordmøre i juni 2012.
Foto: Hallgjerd Utne
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.   Les mer …

Reip med reiphegd.
Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne bøygd til av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjennom att for å halde saman ei reipslegen bør (sjå hekt og tau), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børa på ei høybåre, ein slede eller liknande.   Les mer …
 
Kategoriar for Landbruksutstyr
 
Andre artiklar