Gudny frå Lom

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne «Gudny frå Lom» kjenner vi til berre som adressat for eit friarbrev på ein runepinne som vart funnen ved utgravingar i Lom stavkyrkje i 1973. Innskrifta er runologisk forsiktigvis datert til fyrste halvparten av 1300-talet. Noko av teksten er spikka vekk, men kan rimeleg tolkast slik:

«Håvard sender Gudny Guds helsing og sin vennskap. Og no er det min fulle vilje å be om di hand, dersom du ikkje vil vera med Kolbein. Tenk over dine ekteskapsplanar og lat meg få vita din vilje.»

Teksten og mediet reiser mange spørsmål som dels blir ståande heilt utan, eller med berre usikre svar. Jamvel namnet på kvinna er usikkert. Var runepinnen faktisk eit brev som avsendaren rekna med skulle lesast av mottakaren? Fekk Gudny brevet? Kunne ho i tilfelle tyde runene sjølv? Kvifor hamna pinnen under kyrkjegolvet? Osv.

Vi kan særskilt leggje merke til at frieriet er stila direkte til Gudny sjølv, ikkje til foreldre eller andre slektningar som det skulle vere etter lova. I Magnus Lagabøtes landslov heiter det nemleg at «far og mor skal raade for sine døtrers giftermaal, om de er til. Men om de er døde, da skal de nærmeste farsfrænder og morsfrænder raade for giftermaalene.»[1] Dersom Gudny var ei ung kvinne som skulle inngå ekteskap for fyrste gong, opnar teksten for at dei unge i Lom på den tida og i det miljøet hadde meir rådemakt over eigen lagnad enn den siterte lova strengt tatt gjev rom for.

Ein nærliggjande alternativ tanke vil vere at Gudny var ei enkje som vurderte å inngå ekteskap på nytt. Det heiter i det same kapittel i Landslova: «Enke kan selv gifte sig med hvem hun vil», rett nok «med en eller anden frændes raad». [2] Men som runologen Aslak Liestøl framheld i si innsiktsfulle og kløktige utgreiing om denne teksten, kunne Gudny sin sivilstand vore både ugift, gift, fråskild eller enkje.

Det som står fast, er at brevet er halde i ein høfleg tone, der friaren Håvard syner full respekt for Gudnys sjølvstendige vurdering av situasjonen. Han er openbert fullt på det reine med at det finst andre verdige kandidatar til ekteskap med henne, og at ho sjølv må ha det avgjerande ordet i saka.

Referansar

  1. Magnus Lagabøters landslov s. 72 (Arvetallet kap. 1 punkt 1).
  2. Magnus Lagabøters landslov s. 73 (Arvetallet kap. 2 punkt 2).

Kjelder og litteratur

  • Liestøl, Aslak: «Runefunn under golvet i Lom kyrkje», i Årbok. Utg. Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Oslo. 1978. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Magnus Lagabøters landslov. Oversatt av Absalon Taranger. Universitetsforlaget. 1962. (Fyrste gong utg. 1915.) Digital versjonNettbiblioteket.