Hetle-saka

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hetle-saka var ein drapssak, der to personar først vart dømt i 1907, og så i 1943 frifunne etter at saka vart gjenoppteken. Han starta med at Henrik Andreassen Hetle vart funnen død i Gaular i Sunnfjord. Naboen Mikal Gjertsen Hetle og hans to søner Ole Mikalsen Hetle og Matæus Mikalsen Hetle vart tiltala for å ha teke livet av han. Mikal og Ole vart dømt for overlagt drap. Etter å ha søkt om gjenopptaking fleire gonger, og etter at Mikal Hetle var død, vart saka handsama på ny, og både vart frifunne og fekk erstatning.

Funnet av Henrik Hetle

Den 17. august 1906 var 36 år gamle Henrik Hetle i gong med slåttonna, og skulle overnatte i ei løe ved ein utslått. Då sonen dagen etter dro opp med mat, fann han ikkje faren. Han trudde berre at faren var i gang med slåtten, og sette frå seg maten. Men då han seinare på dagen kom att og såg at ingen hadde rørt maten, sette folk i gong med å leite. Naboen Mikal Hetle var ein av dei som vart henta, og sonen Matæus vart sendt til bygda for å hente fleire folk.

På søndag 19. august fann dei Henrik Hetle. Han låg ved eit steingjerde nær utslåtten, med andletet ned i blaut myrjord. Han hadde nokre mindre skader på venstre side av andletet, og låg i ein samankrøka stilling. Dei lot han ligge slik dei fant han, og sendte bud på lensmannen.

Den 23. august var det liksyn i ei utløe. Distriktslege Rasmus Bergh fann at Henrik Hetle ikkje døydde av skadane, men at han drukna i gjørma.

Mistanken

Det hadde lenge vore ein grensetvist mellom dei to Hetle-gardane. Henrik Hetle vann i retten, og skulle dette året nytte utslåtten som han hadde fått bruksretten til. Det var ein bitter strid, men dei to familiane var samstundes viljuge til å hjelpe kvarandre når det var naudsynt. Alle i bygda kjende til striden, og det gjekk ikkje lang tid før snakket gjekk om at Mikal kunne ha drept Henrik. Bygda vart splitta mellom dei som meinte det hadde skjedd eit drap, og dei som meinte at det var ei ulukke. Ei spåkone frå Bergen vart kobla inn, og ho meinte å kunne sjå at Mikal og dei to sønene hadde teke livet av Henrik. Det gjekk óg eit rykte om at Mikal hadde truga Henrik på livet.

Området rundt der liket vart funne vart saumfart på nye, og eit stykke unna fann ein spor som kunne vere frå kamp. Dei som meinte det var eit drap, hevda at Henrik måtte ha vorte drepen der, og så frakta med hest til funnstaden.

Tiltale og dom

I januar 1907 vart Mikal og sønene pågripne, sikta for drap. Statsadvokat Einar Bræin meinte at ein ikkje hadde prov, og ville to gonger henlegge saka. Men riksadvokat Peder Kjerschow ba om fråsegn frå Den rettsmedisinske kommisjon før han ville gå med på det. Professorene Hagbart Strøm og Francis Harbitz kom til at Henrik Hetle truleg var offer for drap. Det vart då, under sterk tvil, reist tiltale mot dei tre. Riksadvokaten sa at han så det som naudsynt å reise tiltale for å få fjerne all tvil i den splitta bygda.

Den 10. juli 1907 byrja hovudforhandling i Gulating lagmannsrett - den gongen gjekk dei mest alvorlege sakene rett til lagmannsretten. 76 vitner og 3 sakkyndige vart forhørt, og retten hadde ein åstedsbefaring. Statsadvokaten argumenterte for at det var eit drap, og at dei tre var dei skuldige.

26. juli fall domen. Mikal Hetle vart dømt til livsvarig fengsel. Ole Hetle vart dømt til 10 års fengsel, medan Matæus Hetle vart frikjend. Det var ingen prov i saka, berre indisier. Og heilt sentralt sto striden mellom Henrik og Mikal Hetle. Det var til og med usikkert om det verkeleg var eit drap, men då professor Harbitz uttalte seg til retten om at Henrik Hetle måtte ha dødd ein valdsam død for ein annan persons hand, vart juryen overbevist. Alle dei tre hadde heile tida hevda sin uskuld.

Tvil

Fleire byrja raskt å kritisere domen. Mellom dei som gjekk ut i pressa var Johan Scharffenberg, Hans Seland, Arne Garborg, Johannes Lavik og Ole Berner.

Det vart stilt krav om gjenopptaking i 1909, 1911 og 1913. Men retten kom kvar gong til at det ikkje var nye prov i saka, og avviste klagene. Dette var lenge før vi fekk Gjenopptakingskommisjonen, og det var særs vanskeleg å få gjenoppteke ein straffesak. Men óg innafor rettsvesenet tvilte ein etter kvart på om domen var rett. Og media stilte seg frå 1913 på dei domfelte sin side. Den 7. januar 1914 vart Ole Hetle løslatt på prøve, etter å ha sona to tredjedelar av domen. Så løyste ein problemet med Mikal Hetle ved at han vart benåda av Kongen i statsråd den 14. mai 1914.

I 1930 vart Mikal Hetle alvorleg sjuk, og låg for døden. Han sendte bod etter sokneprest Leif Dahle og lensmann Johan Askevold. Overfor dei erklærte han kort tid før han døydde at han og Ole var uskuldig dømt, og at ingen av dei hadde drept eller medverka til å drepe Henrik Hetle.

Gjenopptaking

I 1931 vart det sendt ny søknad om gjenopptaking. Det vart oppnevnt fleire sakkyndige. Doktor Rasmus Bergh, som under liksynet ikkje meinte at det var drap, var ein av dei. Ein annan var Francis Harbitz, som i retten meinte det måtte ha vore eit drap. Det vart nedsett ein forsterka rettsmedisinsk kommisjon, som kom til at det ikkje fantes prov for at Henrik Hetle var offer for drap, men at ein heller ikkje kunne utelukke det. Fleire av ekspertane meinte det var eit naturleg dødsfall, truleg akutt hjertestans eller noko som hadde sett han i medvetslaus tilstand med andletet ned i myrjorda.

Det drøyde til 1939 før lagmannsretten handsama saka. Nok ein gong vart det avslag - ingen nye prov i saka. Dette vart anka til Høgsterett. Men før saka kunna handsamast der, la domarane ned sine embete i desember 1940. Først i april 1942 tok kjæremålsutvalet ein avgjerd om at saka skulle opp for Høgsterett, og den 7. april 1943 avsa retten ei frifinningsdom utan hovudforhandling. Den 26. juli 1944 avgjorde Høgsterett at buet etter Mikal Hetle skulle ha ei erstatning på kr 58 330, kring 1,4 millionar 2021-kroner. Ole Hetle fekk berre kr 4869, kring 117 000 kroner i 2021. Alle avgjerder i Høgsterett frå krigsåra måtte etterprøvast etter krigen. I 1947 kom Høgsterett til samme avgjerd.

Erstatninga til Ole Hetle var liten, og i 1959 fatta Stortinget vedtak om billighetserstatning på kr 50 000, kring 706 000 kroner i 2021. Han fekk óg ein årleg utbetaling på kr 5000 så lenge han levde.

Litteratur og kjelder