Nils L. Skarpmoen (1918–1989)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Narve Skarpmoen (1929–2016), Ole L. Skarpmoen (1920–1987) og Nils L. Skarpmoen (1918–1989) i hagen på Øvre Skarpmoen
Nils L. Skarpmoen og Arne A. Aasen (1917–2000) ved Øvre Bikkjetjønn i Skarpmomorka
Foto: Rollag bygdearkiv

Nils Levorsen Skarpmoen (fødd 18. september 1918, død 30. desember 1989)[1][2] var gardbrukar, smed og motstandsmann.

Nils L. Skarpmoen var son av Levor Nilsen Skarpmoen (1879–1960) og Anne Olsdotter Djupdal (1892–1972) Han var fødd og oppvaksen på slektsgarden Øvre Skarpmoen i Rollag. I 1950 tok han over garden etter foreldra. Han dreiv garden fram til 1972 då yngste bror hans tok over.[3]

På Øvre Skarpmoen har det vore smedar i fleire generasjonar, særleg er farfar til Nils L. Skarpmoen, Nils N. Skarpmoen, kjend som ein dyktig smed. Nils L. Skarpmoen heldt fram med dette handverket. Even Tråen skriv i boka si om ljåsmiing i Numedal at Nils var mest kjend som knivmakar, men at han òg "gjorde jarnspennilar so fine at det er eit syn". Even Tråen seier om Nils L. Skarpmoen at "han hadde handlaget til faren og bestefaren og kunne gjera kva det var". Even Tråen nemner òg at Nils L. Skarpmoen heldt på med rosemåling og skriv at "alt var gjort med same sikre formsansen".[4]

Nils L. Skarpmoen var oppteken av hardingfelemusikk. I ei samling stutte biografiar over folkemusikarar og dansarar som er utarbeidd av medlemer i Numedal Spel- og Dansarlag, er det nemnt at Nils L. Skarpmoen hadde kunnskap om felemusikk og kjende til mange slåttar og kunne spela ein del av dei.[5]

Nils L. Skarpmoen var aktiv i motstandsrørsla under andre verdskrigen og var med i Milorg, avsnitt 161, gruppe 21.[6]

Referansar

  1. https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000003435768
  2. https://www.slektogdata.no/gravminner/finn-en-grav
  3. Knut Hoff (utan år): Rollag Bygdebok, bd. III,s. 34
  4. Even Tråen (2017): Ljåsmiing i Numedal, Rollag: Tråen Formidling, s. 66
  5. Biografi over folkemusikarar og dansarar i Numedal, s. 144, https://www.yumpu.com/no/document/read/18257914/biografi-over-folkemusikarar-og-dansarar-i-numedal
  6. Ove Hagelien (1995): Glimt frå motstandskampen i Kongsberg og Numedal 1940–1945. Kongsberg: Lågdalsmuseet, s. 205

Kjelder og litteratur