Olav Dannemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav Dannemark (fødd i Sigdal 16. juli 1924, død i Gausdal 16. september 2001) var lærar og rektor.[1][2]

Olav Dannemark vart fødd på garden Bergan i nedre Sigdal som foreldra hans, Nils O. Dannemark (1886–1969) og Ingeborg Olsdotter f. Mjøseng (1887–1969) åtte og dreiv frå 1924 til 1951.[3]

Han tok agronomutdanning ved Buskerud landbruksskole 1943–45 og lærareksamen ved Elverum offentlege lærarskule 1953. 1960–61 tok han Statens kurs i landbruksfag for lærarar i den linedelte ungdomsskolen. Han var lærar ved Vestvatn todelte skole 1953–54, Bang todelte skole 1954–59, Myra skole i Gausdal 1959–61 og Gausdal ungdomsskole frå 1961.[4] Han vart rektor ved Olstad skole i Gausdal i 1967 der han var til han gjekk av med pensjon i 1988.[5]

Dannemark var aktiv lokalpolitikar for Kristeleg folkeparti og sat i heradsstyret i Gausdal. Han var også medlem i soknerådet i Vestre Gausdal. Han mottok Norges Idrettsforbunds Idrettsmerkestatuett i 1965,[6]

Han gifta seg i 1953 med Judith Ingeborg Olsen (f. 1932) frå Vestvatn i Misvær. Dei hadde tre døtrer og tre søner.

Referansar

  1. https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002819585
  2. https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy
  3. Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal, bd. 2, 1953, s. 16)
  4. Norske skolefolk. B. 1 : [A-J]. Utg. Dreyer. 1966. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. OLAV DANNEMARK 70 ÅR 16. JULI NTBtekst 8. juli 1994
  6. Aftenposten, morgenutgaven, 12. november 1965, s. 16