Ein
straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av
saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på
Evensgård og
Kvæl på
Røkland i
Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16
knop) i
Saltstraumen i
Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande
understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje
tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide
hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og
vinden er sterk.
Les mer …