Solheim krins (Gloppen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Solheim krins, også kjent som Vestre Hyen skule, var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord.

Eimhjellen og Solheim krins var begge ein del av Hyen krins frå krinsreguleringa i 1860. Per Sandal skriv i Soga om Gloppen og Breim at læraren i 1874 søkte om å få dele Vestre Hyen i Eimhjellen og Solheim krinsar.[1] Skulen delte i periodar lærar med både Eimhjellen og Røyrvik krins. Etter å ha vore vurdert nedlagd fleire gonger, vart skulen stengd i 2008 og elevar frå krinsen sendt til Hyen skule.

Krinsen vart i 2007 den siste skulen i Sogn og Fjordane som fekk tilgang til breiband. Fornyings-minister Heidi Grande Røys markerte då tilkoplinga av Hyen til breiband på Vestre Hyen skule.[2] [3]

Skulehus

Det vart bygd skulehus i 1911. Før dette var det held skule i leigd lokale i bygda.[4]

Under opprusting av skulehuset i 1997 var skulen melombels i eit privathus. Tredje- og fjerdeklasse hadde undervisning i ei lita stove, førsteklasse hadde storstova, mens andreklasse hadde klasserom på kjøkkenet. EIt soverom på loftet fungerte som aktivitetsrom. [5] Uteområda ved skulen vart rusta opp i 2004.[6]

Skulehuset har også vore nytta som barnehage.[7]

Skuledagen

Skulevegen

Nokre av elevane har reist frå Hjorteset, omlag tre kilometer nord-aust for Solheim, langs Eimhjellevatnet. I 1990 fekk ein innvilga fri elevskyss på strekninga.[8]

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jens Olson Henden Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Ola J. Sværen Solheim, Eimhjellen og Røyrvik 1882(?) 1886 Drog til Amerika og vart prest.[9]
Knut Abs. son Røset 1861 Solheim, Eimhjellen og Røyrvik 1886 1889 Omkom i båtvelt på Hyefjorden.[10]
Ola M. Ommedal 1862 Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal 1890 1923
Lars Arnestad 1882 Solheim, Eimhjellen, Røyrvik, Nesjane 1903 (tidl. 1914) Lærar i Nesjane krins frå 1919.[9]
Jakob "Skule-Jakob" O. Ommedal 1893 Solheim, Eimhjellen, Røyrvik 1917 1960-talet Volda 1925
Erik Aasebø 1844 Gjengedal, Solheim 1890? Stord seminar 1869 Lærar i Årdal og Førde (Breim) 1886-1893.[11]
Hansine Romestrand Solheim (1916?)
Svanhild Solheim lærar og formann i samarbeidsutvalet [12]
Turid Eimhjellen 1976 mellombels timelærar[13]
Liv Øygard Solheim Rektor [14]


Fotnotar

  1. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Firda 2007.05.26. 20070526. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Firda 2007.01.29. 20070129. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Ljøren. 2001. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Firda 1997.09.17. 19970917. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Firda 2004.11.10. 20041110. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Firda 1992.05.20. 19920520. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Firda 1990.06.12. 19900612. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. 9,0 9,1 Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Stavanger Amtstidende og Adresseavis 1889.07.01. 18890701. Digital versjonNettbiblioteket.
  11. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. Firdaposten 1988.03.01. 19880301. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. Firda 1976.06.22. 19760622. Digital versjonNettbiblioteket.
  14. Firda 2004.10.07. 20041007. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Ljøren. 2001. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Fjordabladet
  • Firdaposten
  • Avisa Firda
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
  • Skuleprotokoll for Eimhjellen krins, Solheim krins og Gjengedal krins, 1863-1892
  • Skuleprotokoll for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1968
  • Oversiktsprotokoll for Strømmen krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1938
  • Oversiktsprotokoll for Strømme krins, Gjengedal krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1892-1915
  • Dagbok for Strømme krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1931
  • Dagbok for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1923
  • Dagbok for Gjengedal krins, Straume krins, Eimhjellen krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1889-1913

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.631751° N 5.717666° Ø