Spikkeland (Kvinesdal gnr. 173)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Spikkeland
Spikkeland i 2019.jpeg
Spikkeland i 2019.
Foto: Amund Pedersen
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 173
Ant. bruksnr.: 1 (2018)

Spikkeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 173, og hadde tidlegare gnr. 4 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 175 og gamalt matrikkelnummer 346.


Geografi

Spikkeland ligg sørvendt inne på heia rett vest for Nedre Kvinlaug, mellom Stølsheia i nord og Buknumsheia i sør. Spikkeland har grense mot Gyland sokn i Flekkefjord frå Kråknuden i nord til Bjorvatnet i sør. Garden grensar òg til Øvre Kvinlaug i nord og Risøya i nordaust.


Gardsnamnet

Oluf Rygh peikar på to ulike tolkingar av første ledd i gardsnamnet: Spikke. Mest sannsynleg er det snakk om eit gamalt elvenamn; Spikk eller Spikka. Ein finn det same i Spikkeland i Finsland, og i Spikseth i Sør-Odal. Alternativt kan namnet kome av eit folkeleg ord for småfugl; spikk.[1][2]

-land-ending er ei veldig vanleg stadnamnending på Agder. Nær halvparten av -land-namna i Noreg finn ein i Vest-Agder og Rogaland. Dei aller fleste har eit skildrande terrengnamn som første ledd, som anten viser til eit særtrekk ved området rundt garden eller ein spesifikk landskapsformasjon, som fjell. Eller, som i Spikkeland, elv.

Sjølve ordet land tyder «mark, jord eller jordstykke», og ein reknar med at –landgardane opphaveleg var jordteigar under større gardar som sidan blei utskilde som eigne gardar. Ein tidfestar gjerne desse gardane til ekspansjonsperioden i romersk jernalder eller til folkevandringstida, altså i perioden før vikingtida (før 800 e. Kr.).

Spikkeland blei nok rydda første gong i denne perioden, og høyrde truleg til Nedre Kvinlaug før det.

I 1645 og gjennom 1600-talet finn ein oftast skriveforma Spicheland.

Livsgrunnlag

Frå Spikkeland. Alder og opphavsperson ukjent, men hus og uthus er i fin stand og det ser ut som om det bor folk her

Spikkeland blei fråflytta under befolkningskrisa i seinmiddelalderen. Han blei ein såkalla øydegard, og låg inn att under Nedre Kvinlaug i fleire hundre år etter Svartedauden. På førstninga av 1600-talet førte dyre krigsutgifter til at Kongen trong fleire objekt å krevja skatt frå. Han gav derfor skattefritak i tre år til personar som dyrka opp att ein øydegard. Spikkeland blei likevel ikkje tatt i bruk att før om lag 1640. Det var gjerne gardane som låg litt vanskelegare tilgjengeleg eller hadde kortare vekstsesong og hardare vilkår, som blei fråflytta først på 1300-talet og folka att sist på 1600-talet.

I 1665 hadde dei ikkje hest på Spikkeland, men fire kyr og seks småfe, alt ifølgje kommisjonen som reiste rundt på gardane. Desse tala skulle leggja grunnlaget for utmålinga av skatten og må i beste fall reknast som eit minimumstal, då bonden hadde interesse av å gje opp lågast mogleg tal. I skiftet etter Eivind Annbjørnsson i 1682 står det likevel rekna opp 8 kyr, 4 ungkyr, 5 kalvar, 26 vaksne sauer og 16 ungsauer, som skulle fordelast på arvingane.

Elles hadde dei til fordeling etter Eivind Annbjørnsson ein ljosestake, fire gryter, økser, ei børse, skår og panne, ei gamal utekvern, ein sal, spadar, ljåar og sigdar, ei verje, to kar og ei tønne, ei kiste, to skåp, ei malmbjølle, ei kubjølle, to dyner, fire sengeklede, to dekken, fire puter og ei blå vampe, i tillegg til dyra. Skiftet hadde ein verdi på 90 riksdalar og 12 skilling.

I 1723 blei garden skildra som ein «Landgård i sol- og bakli, tungvunnen», men då hadde dei fått ein hest til å hjelpa seg med den «tungvundne» jorda. Vidare hadde dei auka (det offisielle) talet på kyr og småfe. Skog hadde dei nok til heimebruk, og dei kunne mala korn i ei flaumkvern om hausten.

1665 1723 1865 1939
Korn 2 t 4 t 5 t
Jordeple - - 10 t
Hestar 0 1 2
Storfe 4 6 11
Småfe 6 20 30

Papira etter kommisjonen som reiste omkring i 1802 gjev eit lite innblikk i kor hardt livet kunne vera på ein heiegard for to hundre år sidan. Dei skreiv at Spikkeland «er een Heye Gaard hvor i Kolde Aarganger auvles lidet og nesten uspiseligt Korn». Tida rundt dette hundreårskiftet var ein periode med kaldt klima. Folk levde på små marginar, og dei fleste var ikkje sjølvberga i gode år heller. Spesielt heiegardane med kortare vekstsesong var utsette.

Dei første åra av 1800-talet på Aust- og Sørlandet var prega av krig, kaldt klima og lite mattilgang. 1813 blir rekna som eit spesielt hardt år i norsk historie, etter at avlingane feila over heile landet i 1812. Enkelte stader på Agder låg snøen fram til jonsok, medan hausten var prega av store mengder regn. Innhaustinga var ikkje-eksisterande enkelte plassar. Kornet stod grønt, slimet og uhausta på marka framleis i november. I tillegg sørgde den engelsk blokaden av Skagerrak for at tilgangen på dansk korn og andre matvarer blei strupa. Det kom til matopptøyar i fleire byar, mellom anna i Arendal og Trondheim.[3]

Kulturminne

På oversida av Spikkeland på vestre side av bekken er det ei kvernhustuft. Dette er vel kverna som blir omtala i dei ulike kjeldene nemnde ovanfor. Ei sag som blei reist i 1912 med ein 15hk Scandia Marine petroleumsmotor, er framleis intakt på staden i dag.

Matriklar og folketal

Spikkeland blei første gong nemnd som eigen gardseining i skattemanntalet i 1643.

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 47 346 175 4 4 173
skyld - 4 ksk ¾ h 9 eng 9 eng 1 d 2 ort 29 sk -
Ant. bruk - - 1* 1 1 2 2 1

*tal på opsitjarar

I forbindelse med innkrevjinga av koppskatten frå 1645 får me vita at Torkel budde her saman med kona. Tjue år seinare, i 1665, budde det tre menn over 15 år her. I matrikkelen frå 1665 blei ikkje born og kvinner nemnde. Det har elles vore ei stabil folkemengd på Spikkeland, med sju eller åtte bebuarar gjennom heile 1800-talet.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
3M 8 7 7

Eigedomsforhold

Spikkeland blei første gong registrert som skatteobjekt i 1643, og har sidan vore i bondeeige. I perioden mellom 1661 og 1723 skjedde det ei auke på landskylda frå 4 kalvskinn til ¾ huder eller 9 engelsk.

Delingar og utskiftingar

Etter at garden blei rydda opp att etter øydelegginga i seinmellomalderen hadde den eit bruk fram til 1873. Då blei garden delt i to bruk mellom brørne Salve og Ingvor Josson Krågeland. Etter få år kjøpte Ingvor att begge bruka, sidan har begge bruka hatt same eigar heilt fram til dei blei samla igjen i 2008. Johannes Ingvorsson overtok garden.

I 1910 hadde Johannes emigrert til Amerika og garden blei selt til trelasthandlaren Terje Mørland frå Arendal. Salet blei formidla av Andreas Kvinlaug frå Flekkefjord. Dei to hadde felles forbindelse gjennom indremisjonsmiljøet i Flekkefjord.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Spikkeland Gardseigedom 652a 1 mark 95 øre Ingvor Josson Olav Buset
2 Spikkeland Gardseigedom bruk 1 mellom 1838 og 1886 652b 0 mark 98 øre Ingvor Josson Olav Buset

Folket på Spikkeland

Bnr. 1 Spikkeland

Nedre Kvinlogsveg 120

Skilt i bruk 1 og 2 frå 1873 til 2008

Sjølv om garden var delt ein periode har det alltid berre vore ei driftseining på Spikkeland. Derfor blir bruk 1 og 2 omtala saman.

Ein veit at det var folk på Spikkeland frå 1643. Dette er første året garden er nemnd i skattematrikkelen. Den første personen ein kjenner til er Torkel.

-

  • Torkel (n. 1645)
  • [ukjent]

I koppskatten for 1645 er Torkel nemnd saman med «Quinden». Det er ikkje nemnt nokon born. Torkel leigde av Tron Hoskuldsson på Nedre Kvinlog. Vi veit ikkje meir om han eller om namnet hennar. I 1647 kom Steinvor og Syvert.

-

  • Steinvor Tronsdotter (d. ikring 1655)
  • Syvert Masson (1606-n. 1690)*
    • Anna (n. 1686- d. 1696) Sjå nedanfor

Steinvor var dotter etter Tron Hoskuldsson, som åtte Nedre Kvinlog. Steinvor og Syvert budde der først, men Tron pantsette Spikkeland til paret og dei flytta dit.

Syvert var vitnet i ein dom frå 1690. Der blei det opplyst at Syvert var barnefødd på Austre Verdal i Eiken. Då Steinvor døydde, gifta Syvert seg opp att med enka etter Fredrik Jakobsson i Knaben. Dei flytte «Dør aust» i Knaben ikring 1660. Dottera Anna tok over på Spikkeland.

*I skattemanntallet frå 1664 er han oppgjeven å vera 72 år (fødd i 1592), men i ein dom i 1690 skal alderen ha vore 84 år (fødd i 1606). Det siste verkar mest truleg og er oppført her.

-

  • Anna Syvertsdotter (n. 1686-d. 1696)
  • g1. med Andres Olsson Lindeland (n. 1654-1659)
    • Joren (1645-n. 1742) g m. Jon Olsson Li frå Gyland (1669-n. 1711). Sjå Lindeland
    • Anna g. m. Lars Torkelsson

Dei var ei kort tid på Spikkeland før dei flytta til Lindeland. Anna gifta seg på nytt og flytta til Spikkeland att.  

  • g2. med Eivind Annbjørnsson Omland (d. 1686)
    • Andres (d. før 1722) g. 1711 m. Gunnhild Torjusdotter Borhommen. Sjå Borhommen
    • Annbjørn (1670-n. 1731) Budde i Københamn i 1731.
    • Syvert (d. før 1731)
    • Tron (1661-1731) Sjå nedanfor
    • Steinvor (-d. før 1731) g. ca. 1691 m. Gunnar Tellen. Til Christiania
    • Bodil (n. 1731) g. 1713 m. Haaver Ånensson Årstøl (-1730). Sjå Årstøl
    • Ingeborg (d. før 1731) Ugift

Eivind døydde tidleg og Anna blei aleine med ein stor barneflokk. Ho gifta seg ikkje opp att, men døydde i fattigslege kår nokre år seinare, i 1696.  

-

  • Tron Eivindsson (1661-1731)
  • Gunnhild Tollaksdotter Seland (-1734)  
    • Anna, g. 1719 m. Bjørn Bergersson Veggeland (1690-1762)
    • Asgerd, g1. 1723 m. Ånen Knutsson Høydal (1695-1731) g2. 1731 m. Lars Guttormsson Fjotland, g3. 1754 m. Olav Bjørnsson.
    • Ingeborg (-1728) g. 1719 m. Kidel Jespersson Helle (1700-). Sjå Helle
    • Eivind (-d. før 1731) g. 1730 m.  Anna Sigbjørnsdotter Helle (1715-1794) Anna var berre femten år da ho gifta seg med Eivind. Han døydde eitt år etter bryllaupet og Anna gifta seg att med Søren Olsson frå Narvestad.
    • Atlak (1711-d. f. 1714)
    • Atlak (1714-) sjå nedanfor
    • Andres (1718-)

Tron var kalla inn til militærteneste, men litlebroren Annbjørn gjekk i teneste for han. Annbjørn blei buande i Københamn. Anna, mora til Tron, hadde panta bort garden fleire stadar, ikkje berre for å betala arven etter den avdøde mannen sin, men òg for å kunna halda på garden. Mellom anna hadde ein Cornelius de Zee pant i garden. Dette var ein hollandsk skippar som budde i Kvinesdal og hadde borgarskap i Kristiansand. Saman med Annbjørn i Københamn, syner dette kor tette band dei kunne ha til Europa på ein heiegard på 1600-talet. Faren til Gunnhild, Tollak Markusson frå Seland, hjelpte dei unge med å løysa inn mykje av denne gjelda. I tillegg overtok han pantet. Då han let over Seland til yngste dottera si, Siri, i 1704 sette han seg i folge hjå dottera Anna og mannen på Spikkeland, i bytte mot pantet.

-

  • Tron Vermundsen (1704-1744)
  • g. 1734 med Asgerd Toresdotter Øvre Kvinlog (1710-n. 1744)

Dei leigde ei kort stund på Spikkeland. Sjå meir om familien deira på Helle.

-

  • Atlak Tronsson (1714-1789)  
  • g1. 1733 med Kari Knutsdotter frå Knibestøl (1717- 1750)
    • Gunnhild (1735-1782) g. m. Jo Olsson. Til Eikeland
    • Tron (1739-1824) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1740-d. før 1750)
    • Knut (1745-1828) g. 1. g. 1781 m. Helga Øyufsdotter Åtland (1752-1800), g. 2. g. 1805 m. Ingeborg Osmundsdotter Hjelleset (177-1851). Til Skaret og Hjelleset i Gyland
    • Eivind (1748-1797) g. 1782 m. Gunnhild Olsdotter Nedre Kvinlog (1757-1795). Sjå Veggeland
  • g2. 1752 med Mari Larsdotter frå Eikebrok (1731-1803)
    • Reidar (1752-1763)
    • Kari (1757-1763)
    • Annbjørn (1760-1763)
    • Andres (1762-)
    • Lars (1766-1807) g. 1794 m. Berte Øyusdotter Mydland. Dei budde i Budal og Urdal i Gyland før dei slo seg ned med familien på Langåker på Lista.
    • Annbjørn (1769-1818) g. 1793 m. Anna Abrahamsdotter Narvestad (1769-1826). Sjå Eikebrok
    • Atlak (1769-)
    • Kari (1774-1848) g. 1814 m. Tollak Ommundsson Galdal (1781-1817). Sjå Galdal

I kyrkjeboka står det at Atlak forlova seg med Signe Hoskuldsdotter Mygland i juni 1751, men året etter var det Mari han gifta seg med. Signe kan ha døydd i mellomtida, det kan vera ei feilføring i kjeldene eller forklaringa kan ha vore noko heilt anna. Uansett hadde Aslak og Mari det travelt med å gifta seg; Reidar blei fødd to månader etter bryllaupet.

Det var heller ikkje første gong Atlak hadde hatt eit utanomekteskapeleg forhold. I 1743 måtte han skrifta offentleg i kyrkja for «begangen løsagtighed mod pigen Guri Olesd: Egeland». Lausaktigheita hadde ikkje ført til barn. Atlak overførte bruket til sonen i 1781.

-

  • Tron Atlaksson (1739-1824)
  • Berte Persdotter (1751-1833)  
    • Kari (1779-d. før 1801)
    • Atlak (1781-1781)
    • Atlak (1782-1854) Sjå nedanfor
    • Peder (1784-) g. m. Rebekka Olsdotter Tofta (1781-1862). Kom til Aunevig i Lyngdal der dei hadde ein husmannsplass. Her finst det ein plass kalla Spikkelandsmyra etter denne familien.[4]
    • Reidar (1788-1852) g. 1826 m.  Anna Ånensdotter Omland (1797-1877). Sjå Eikebrokk og Oksefjell
    • Kari (1792-) g. 1818 m. Lars Toresson Røyseland (1777-1857). Sjå Røyseland. Ho kom seinare til Halland på Lista.

I 1803 fekk eldste sonen skøytet. Ein veit ikkje kor Berte kom i frå.

-

  • Atlak Trondsson (1782-1854)
  • g. 1804 med Åsa Jørgensdotter Grimeland (1779-1864) frå Åmli
    • Berte (1805-1806)
    • Tron (1807-1894) Sjå nedanfor
    • Jørgen (1811-1893) g1. 1842 m. Ingrid Torkelsdotter Lien i Kvinesdal (1818-1842), g2. 1848 m. Kari Kidelsdotter Øvre Bruli (1814-1848), g3. 1855 m. Ingeborg Kidelsdotter Øvre Bruli (1824-1885). Sjå Eikebrokk
    • Berte Åselina (1814-1891) g. 1837 m. Lars Jakobsson Rafoss (1815-1905) Sjå Rafoss
    • Ane Marie (1817-1894) g 1837 m. Samuel Olsson Ytre Røynestad (1807-1889) Sjå Tjellås/Stegemonen
    • Johannes (1822-1822)
    • Anna Gurine (1824-1891) g. 1868 m. Bernt Hansson Lindland i Feda (1821-1905) Sjå Lindland i Feda. Dei kom til Eide i Heskestad i Egersund i 1868.

I 1837 overtok eldste sonen, Tron, halve garden mot at han tok mora i folge. Han skulle òg gje søstera Anna Gurine fritt husvære og «fornøden» mjølk så lenge ho var ugift. Faren er ikkje nemnd i skiftet. Tron skal ha vore uvener med faren. Då faren døydde, arva han resten av garden.

-

  • Tron Atlaksson (1807-1894)
  • g. 1832 med Tøri Malene Nilsdotter Rygg (1810-1858)
    • Andreas (1834-1917) Var på slutten fattiglem på Lindeland. Døydde på amtssjukehuset i Flekkefjord og blei gravlagd der.
    • Dotter (1836-1836) Dødfødd
    • Son (1839-1839) Dødfødd
    • Barn (1840-1840) Dødfødd
    • Nils (1840-1925) g. 1883 m. Kari Tonetta Ivarsdotter Kvinlog (1851-1902) Sjå Risøya
    • Anne Martine (1844-) born: Anna (1864-), med Jo Tønnesson Stakkeland (1845-1932). Budde med broren Nils på Risøya i 1865 og i 1891.
    • Syverine (1848-1872) g. 1870 m. Lars Elias Tønnesson Egenes (1846-1917) Til Egenes
    • Tobias (1851-1869) I kyrkjeboka står det at Tobias ikkje var blitt konfirmert og at han var «fjollete», noko som gjev grunn til å tru at han hadde diagnosen me i dag ville ha kalla psykisk utviklingshemma.
    • Jo (1855-)  

Tøri døydde i barselseng. Resten av familien flytta til Risøya i 1868 og selde til brørne Ingvor og Salve Josson Krågeland.

-

  • Salve Andreas Josson Krågeland (1837-1894) g. 1865  
  • Anne Olene Olsdotter Urdal
    • Jo (1865-1865)
    • Inger Marie (1866-)
    • Juliane (1869-)
    • Oline (1872-)
    • Jo (1876-)
  • Salve Andreas hadde med Birgitte Malene Ellingsdotter Lona i Nes i Flekkefjord (1836-)
    • Andreas (1874-)
  • og med Juliane Sigbjørnsdotter Mygland (1859-)
    • Inger Sofie (1884-)
    • Anna (1887-)

Salve og Anne Olene flytta til Skaret i Gyland om lag 1875. Broren stifta familie og blei buande på Spikkeland.

-

  • Ingvor Josson Krågeland (1839-1897)
  • g. 1878 med Jørgine Andreasdotter Norås (1860-1904)
    • Jette Maria (1880-1880)
    • Johannes (1881-) Maskinist. Betalte skatt til Fjotland kommune i 1914. Til USA først i 1902, og for godt i 1906.
    • Andreas (1884-) Var gjetargut og gardsarbeidar på Øvre Kvinlog i 1900. Til USA i 1903. Han oppgav då at han skulle til Iowa.
    • Jette Marie (1887-1971) g. 1911 m. Peder Elias Pedersen Solhom (1887-1941) Sjå Solhom u/Fjotland
    • Johan (1890-) Til broren Johannes i Duluth, Minnesota, USA i 1906
    • Ane (1893-1979) g. 1918 m. Ole Andreas Jakobsson Røyland (1886-1956) Sjå Førlandsås
    • Ida Jørgine (1897-) Skreddar. Til USA i 1913

Ingvor og broren Salve kjøpte garden saman, men Salve flytta til Versland. Ingvor sin son Johannes overtok garden. I 1906 drog Johannes til Amerika og i 1910 blei garden seld til Ansgar Hoel Mørland. Men det var i praksis far hans, trelasthandlaren Terje Mørland frå Arendal, som var kjøparen. Salet blei formidla av Andreas Kvinlaug frå Flekkefjord. Dei to hadde felles forbindelse gjennom misjonsmiljøet i Flekkefjord.

-

  • Terje Anderssøn Mørland (1854-1937)
  • Maren Kirstine Mørland frå Froland (1877-1953)
    • Ansgar Hoel Mørland

Mørland var skipsbyggar og –reiar, trelasthandlar og verfts- og fabrikkeigar. Han kom i frå Lille Mørland i Moland i dagens Arendal kommune, og arbeidde seg opp som verftsarbeidar. Han fekk bygd eit tjuetals skuter og til slutt eit eige verft. Han hadde stor oppgang rundt hundreårsskiftet og kjøpte mellom anna Bomuldsvarefabrikken i Arendal i 1901. I 1906-1909 satt han på Stortinget for Samlingspartiet. Året etter, i 1910, kjøpte han Spikkeland.

Då Mørland overtok garden var våningshuset i elendig forfatning og uthuset hadde ramla ned. Jordstykka sto under vatn. I 1925 sette Mørland i gang ei storstilt utbygging på Spikkeland. Først blei det lagt veg frå Narvestad til Spikkeland. Jorda blei drenert og vasstanden blei senka ved hjelp av steinsette grøfter. Den første nye bygningen som blei reist var ei sag. Den blei driven av ein petroleumsmotor. Dei saga tømmer frå eigen skog til reisverk og kledning til husa som etter kvart blei bygde.

Mørland reiste to store bygningar, ein låve og eit hus, begge med solid grunnarbeid og moderne interiør. I kjellaren var det mellom anna ein stor bakaromn, som framleis er i bruk i dag. Mørland heldt fleire stemne på garden, og mange folk kom frå Fjotland, Gyland, Kvinesdal og Flekkefjord for å delta.  

Historia fortel om ein snill og hjelpsam mann som gav økonomisk hjelp og kausjonar til mange. I dei harde 30-åra fekk Mørland store økonomiske problem og garden gjekk på tvangsauksjon etter Mørlands død i 1937. Totalt hadde utbygginga kosta 133.000,- kr., men garden blei lagd ut til sals for 70.000,- kr. Til slutt kjøpte Olav Buset garden for 27.000,- kr., som òg var ein stor sum den gongen.

-

  • Olav Buset (1893-1978)
  • Inger Maria Helle (1904-1944)
    • Arne (1932-1996) g. m. Inger Brit Kristoffersen. Til Drammen
    • Ragnhild (1934-) g. m. Dervey A. Craigix. Til USA
    • Petter (1937-) g. m. Astrid Beate Nilsen (1928-2008). Til Trondheim
    • Gunnar (1942-) g. 1969 m. Gerd Nor frå Nordfjordeid. Til Ålesund

Børild og Olav Kvinlaug kjøpte jorda som tilleggsjord til bruket sitt i 1976.  

-

Ikkje plasserte

  • Hermund Osmundsson (1646-) Var hjå Eivind Annbjørnsson i 1664. Han kom seinare til Veggeland. Sjå meir om han der.

og

  • Lars Jakobsson (1648-) Husmann i 1664.

-

1037 Kvinesdal komm.png Spikkeland (Kvinesdal gnr. 173) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Rygh, O. (Oluf): Norske Gaardnavne. Utg. Fabritius. Kristiania. 1912. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Daae, Ludvig: Krønike om Kvinesdal. Utg. [Kvinesdal historielag]. 1998. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Sandvik, S. & Dørum, K. (2012) Opptøyer i Norge 1750-1850, Scandinavian Academic press, s. 253ff
  4. Lian, Oddleif: Lyngdal 1. Utg. Lyngdal kommune. Lyngdal. 1981. Digital versjonNettbiblioteket, s. 125, 270-271