Stolmen bedehus (Austevoll)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stolmen bedehus i 2013.
Foto: Nils Steinar Våge

Det første bedehuset på Stolmen i Austevoll var den gamle skulen på øya frå 1877 som vart skift ut med ny skule i 1937. I 1947 kjøpte stolmarane huset av kommunen, men i 1950-åra var det i for dårleg stand til å kunne moderniserast, og det vart reist eit nytt bedehus som stod ferdig i 1961. Huset vart bygd like ved det gamle, det fekk namnet Betania og var i bruk fram til det vart selt i 2013.

Religiøs vekkjing vekte ideen om bedehus

Før den religiøse vekkjinga begynte i 1929, vart kristne møte haldne i ungdomshuset på øya. Vekkjingsmøta fann stad i nokre av heimane fram til innbyggjarane fekk bruka det gamle skulehuset då det stod tomt etter at den nye skulen vart teken i bruk. Kommunen selde gamleskulen til innbyggjarane for kr 2000 i 1947, og formelt var Stolmen Bedehusforening kjøpar. Dermed fekk folket eige lokale til religiøse møte og andre samkomer. Dei 2000 kronene brukte kommunen til å oppretta bibliotekteneste i Møkster soknekommune.

Bygningen trong vedlikehald, og i staden for utbygging og renovering foreslo nokre eldsjeler at det burde byggjast nytt bedehus. For å skaffa pengar til huskjøpet sette stolmarane i gang pengeinnsamling. I ei lita gul notisbok på 10 x 7 cm er pengegåvene førte inn, og dei varierte frå 2 til 100 kroner.

Nybygget

Med ei godkjent grunnflate på 108 kvadratmeter og med loft og innreidd kjellar utgjorde heile arealet 248 kvadratmeter. Huset hadde to møtesalar. Den største hadde plass til 100 stolar, den minste til 30. Nyårsdag i 1962 vart den første julefesten halden i det nye bedehuset.

1. påskedag 1966 vart bedehuset vigsla av generalsekretæren i Det Vestlandske Indremisjonsforbund (namneskifte til Indremisjonsforbundet i 2000), og det vart tilslutta Den Indre Sjømannsmisjonen.

Husstyret hadde seks medlemmer som mellom anna utarbeidde forskrifter for huset. Der står det at bedehusforeininga hadde bruksretten, men at styret skulle avgjera om andre kunne bruka huset. Styret stod for innkjøp av materialar og skaffa erfarne folk til å utføra minering og utskyting av steinmassene, oppsetjing av grunnmuren og reising og innreiing av huset. Dessutan gjorde styret avtaler med folk om dugnadsarbeid, og sørgde for at dei erfarne bygningsmennene hadde handlangarar då dei bygde grunnmuren og huset. I husstyret var det alltid kvinner med, og det var naturleg sidan bedehusforeininga stod som eigar og hadde spart til nytt bedehus i lang tid.

Med ei 37 fots fiskeskøyte frå øya vart materialane frakta gratis frå Sagvågen på Stord, og frå kaien i Stolmavågen kjørt vederlagsfritt til tomta med den einaste bilen på øya, handelsmannen sin grøne Morris lastebil. Prisen på materialane var 25 633 kroner.

Då huset kunne takast i bruk, hadde det kosta 67 094 kroner. Elektrikararbeidet vart utført av eit firma frå Fitjar, og arbeidsløn og elektriske materialar kom på 4255 kroner.

Finansiering og drift av nybygget

Rekneskapsboka viser at det i perioden 1958-1962 vart halde pengeinnsamling for å skaffa midlar til det nye huset, og resultatet vart 18 654 kroner. Mange gav pengegåve to, tre eller fleire gangar. Ei av eldsjelene for å få bygt nytt bedehus var Severin Aarland (1885-1965), og han samla inn pengar til nybygget ved å gå frå hus til hus med ærendet sitt, og i ei notisbok skreiv han namnet på gjevarane, og kor mykje kvar av dei gav.

Men denne summen var langt ifrå nok. Bedehusforeininga arrangerte årlege basarar for å dekka utgiftene til vedlikehald av det gamle og seinare til det nye huset. Det har ikkje lukkast å finna kjelder som viser basarinntektene i det gamle bedehuset. Den første basaren i det nye huset vart halden i 1962, og den gav ei inntekt på 2300 kroner, den siste i 2012 omkring 30 000. Basarinntektene i desse 50 åra var til saman ca. 700 000 kroner. Det var kvinnene på øya som laga gevinstane og arrangerte den den årlege basaren kvar skjærtorsdag. I vinterhalvåret møttest dei hos kvarandre ein gong i veka, og der spøta, hekla og broderte dei gevinstar til basaren. Dei fleste var fiskarbondekvinner som hadde alt ansvar for hushaldet og drifta av bruket når mennene var borte på sesongfiskeria i lengre periodar.

Dei eldste kvinnene på øya hadde eiga foreining som vart kalla Gamleforeningen der dei laga gevinstar til bedehusbasaren.

For å finansiera orgel til bedehuset danna dei yngre kvinnene på øya den såkalla Orgelforeininga. Dei møttest hos kvarandre og laga gevinstar til basarar som gav inntekter nok til å dekka prisen på orgelet. Så vart foreininga lagt ned. Kvinner i alle aldrar var såleis med og skaffa midlar til huset.

I tillegg til bedehusforeiningane var fleire av kvinnene på øya med i Den ytre sjømannsforening.

Mennene medverka i stor grad til bygginga med sitt dugnadsarbeid. I 1959-1960 bidrog 38 menn med 226 dugnadsdagar. Det gjaldt særleg grunnarbeidet, men fleire møtte og som handlangarar til tømrarane som reiste huset. Handlangardugnaden er ikkje registrert på same måte som annan dugnad, men den har innbyggjarane fortalt om.

Byggjekostnadene vart òg dekka av lån på 33 500 kroner i Sund og Austevoll Sparebank. Frå banken fekk bedehuset 4600 kroner i gåver i perioden 1977-1988. Kommunale tilskot var det svært få av i byggjeåra. Grunnen var nok at på dette tidspunktet var kommunen så å seia bankerott fordi vintersildfisket slo feil frå 1957 til midt i 60-åra.

Bedehuset var ein naturleg møteplass for minnesamvær ved gravferder. Til gravferdene kom og tilreisande, og det var tradisjon for at folk ikkje skulle reisa svoltne heim att, særleg då reisetilhøva var annleis før bilferja kom i 1975 og brua i 1998. Samværa gav inntekt til huset. Rekneskapsboka viser at frå 1971 til 2010 var det 72 minnesamvær i bedehuset, og desse gav ei inntekt på 22 250 kroner. Dette fortel at leiga var lav. I tillegg kom det nokre kroner til huset frå ulike lag, foreiningar, institusjonar og kollektar ved emissærbesøk.

Husutgiftene var forsikringar, kommunale avgifter, vedlikehald, støtte til indremisjonen og ulikt nødvendig utstyr. Rekneskapen viser ikkje underskot i denne femtiårsperioden.

To tunge løft for stolmarane: Bedehus og ungdomshus

Dei to bygningane var store økonomiske løft for øysamfunnet som i 1950 hadde 320 innbyggjarar. I 1960 budde det 344 på øya, og deretter gjekk talet ned til 312 i 1970. Samtidig med bygging av bedehuset gjekk det frå 1957 føre seg modernisering og utviding av ungdomshuset, og det vart finansiert på omtrent same måte. Mange ungdommar deltok i dugnader på begge husa. Dei dårlege sildeåra etter 1957 stoppa ikkje byggjearbeida. Truleg hadde fleire fiskarar, fiskarbønder og uteseglarar som utgjorde dei fleste lønstakarane på Stolmen, pengar på kistebotnen til desse tiltaka.

Skjærtorsdagsbasarane

Tidspunktet for basaren var viktig, for i påskehelga kom utflyttarar og andre til øya, og dessutan var fiskarane nyleg komne heim frå vintersildfisket med ubrukt lut. Difor var huset stappfullt, og basarinntektene vanlegvis høge. Utan basarpengane ville det einskilde år ha vore vanskeleg å halda rekneskapen på plussida.

Basarane på skjætorsdag ettermiddag var dessutan eit viktig kulturmøte både mellom utflyttarar og fastbuande og mellom dei fastbuande som fekk høve til å snakka saman om det som hadde hendt sidan sist. Søgja var difor overveldande mellom trekningane av dei store mengdene gevinstar som foreiningskvinnene hadde hengt opp langs veggane. Stolmen Velforening overtok tradisjonen med basar på skjærtorsdag.

Juletrefestane

«Halm og høy, det var hans krybbeleie, ødemarken var hans fødested....» song dei oppmøtte høglytt i den fullstappa bedehussalen på juletrefestane. Dette var refrenget på julesongen med tittelen «Halm og høy» (I den nye versjonen er tittelen «Høy og strå»), og dei fleste ungdommane i dei tre-fire ringane rundt juletreet kunne berre refrenget. Heldigvis hadde dei forsangar som kunne alle versa. Kvar gong ungdommane stemde i med refrenget, small det i tak og veggar.

Bedehuset arrangerte juletrefestar både for barn og vaksne. Som basarane var festane eit viktig møte for øyfolket og ikkje minst for dei heimvende utflyttarane. Grensa for å vera med på vaksenfesten var at ein var konfirmert. I tillegg til underhaldning og gang rundt treet, serverte festkomiteen smørbrød, tebrød og kaffi i matsalen i kjellaren. Som på basarane var det trongt om plassen, og søgja var like stor.

Festen vart avslutta i rimeleg tid, men vanlegvis altfor tidleg til at ungdommane gjekk heim etter fleire rolege juledagar. Stemmebanda var oppvarma, magen var full, danseskoa hadde dei på og difor gjekk ungdommane dei få metrane til ungdomshuset. Trekkspelaren kom på plass, og han drog belgen til langt på natt. Boogie, rock, tango, vals og reinlender gjekk føre seg rundt juletreet som framleis stod pynta sidan ungdomslaget arrangerte sin julefest andre juledag.

Søndagsskule og andre samkomer for barn

I 1920 begynte Synnøve Vaage (1892-1968) å halda søndagsskule. Truleg samla ho barna på eige initiativ i Stolmen ungdomshus som òg vart brukt til andre religiøse møte før den gamle skulen vart teken i bruk til bedehus. Då ho gav seg i 1942, overtok Lars Stangeland (1918-1983) som søndagsskulelærar. Frå 1960-åra heldt fleire kvinner søndagsskule fram til 1982.

Bedehusleiinga arrangerte òg såkalla Yngres-møte nokre år i 1960-åra, og denne gruppa reiste på yngres-samkomer fleire stader. I tillegg deltok nokre barn og ungdommar på den kristne leirstaden Fjell-ly på Sotra.

Emissærane (predikantane) kom

Etter at gamleskulen hadde blitt bedehus i 1947, kom predikantar frå ulike organisasjonar og heldt møte her. Dei vart hyste privat. Dei kom frå Vestlandske Indremisjon, Den indre sjømannsmisjonen, Den Norske Kinamisjonen som skifta namn til Evangelisk Orientmisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband og andre organisasjonar. Oppmøtet dei første åra var vanlegvis stort, for det var få av både slike og andre samkomer på øya. Dei siste par tiåra avtok oppmøtet, og gjennomsnittleg var det åtte personar på møta.

Etter middagskvilda søndag ettermiddag møttest folk på såkalla småmøte i bedehuset. Det vart sunge, lese frå andaktsbøker og snakka om ulike religiøse og verdslege emne dei var opptekne av.

Bedehussalet i 2013

I 2013 vart bedehuset selt for 475 831 kroner, og pengane vart gitt som gåve til Stolmen kyrkje og Stolmen Velforening, halvparten på kvar. Grunnen til salet var at generasjonen som stod for aktiviteten i huset, etter kvart vart borte, og dei få som var igjen, sleit med å halda huset ved like. Huset var selt til litauiske handverkarar.

Salet kjendest tungt for mange, særleg dei som hadde brukt ein stor del av livet i bedehuset si teneste. Desse hadde eit eigarforhold til huset sidan dei hadde lagt ned ein stor innsats for å ivareta det åndelege på øya, og som i bedehuset hadde bunde saman folket i øysamfunnet.


Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder:

  • Norunn Stangeland Alvsåker
  • Bjørg Stangeland Njåstad

Skriftlege kjelder:

  • Byggjeløyve frå Hordaland fylke 8. april 1959.
  • Kassabok for Stolmen bedehus 1958-2013.
  • Kjøpekontrakt det gamle skulehuset 8. november 1947.
  • Notisbok med dugnadsdagar og gåver 1959-1960.
  • Notisbok med gåver til det gamle bedehuset 1947-1948 og 1949.

Litteratur:

  • Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1892-1992. Storebø 1992. Storebø 1992. 83 s., ill. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Kleppa, Johannes (red.): Reise i bedehusland. Bedehusene i Hordaland. Bergen 2001. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Veivåg, Aashild Dalen: «Bedehus før og no». I Rakved frå Austevoll 2018.
  • Aagedal, Olaf: Bedehuset. Rørsla, bygda, folket. Oslo 1986. Digital versjonNettbiblioteket.