Strandberg (Fedje gnr 169 bnr 38)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandberg
S389.169.38.Mulen .jpg
Mulen i 2021 med bnr 38 til venstre og bnr 14 til høgre.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 38
Adresse: Mulevegen 169

Strandberg er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Einar Andreassen f. 1907 Mulen (gnr 169 bnr 14-1d) d. 1979 g. 1934 m. Helga Vabø f. 1913 Lindås d. 2001 (jf Lindåsb. III s 294). Skøyte 1939 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. Dei bygde huset i 1946, dei budde tidlegare hjå mor hans. Einar var fiskar, eigde i M/S «Nordøysund». Helga arb. på Bjelland frå 1953 til 1980.

Born: a. Odd Andreassen f. 1936 Stavanger d. 2015 (adoptivson, son av Aslaug Kristensen og Oskar J. Vikane) g. 1976 m. Ingebjørg Kristiansen f. 1940 Haugesund, busette i Husøyna (gnr 168 bnr 282). b. Marit Margrethe Andreassen f. 1943, neste eigar (2).

2. Marit Andreassen f. 1943 på dette bruket (lb) g. 1969 m. Arne Stormark f. 1943 (gnr 172 bnr 22-2c), matros. Skøyte her i 1987, dei budde tidlegare på Stormark (gnr 172 bnr 129-1). Naustet ligg på tomt bnr 84, også skøyte i 1984. Sjå òg Mulen gnr 169 bnr 14-3.

Born: a. Åge Stormark f. 1970, sjå Stormark gnr 172 bnr 166-1 og gnr 172 bnr 203. b. Trond Stormark f. 1972 samb.m. Connie Helen Høyum f. 1976 Vangsnes i Vik, bustad Fana i Bergen, seinare Nedenes i Arendal. c. Marianne Margrethe Stormark f. 1978, barne- og ungdomsarbeidar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Strandberg (Fedje gnr 169 bnr 38) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulen (Fedje gnr 169 bnr 16) • Neste bolk: Berglund (Fedje gnr 169 bnr 79)