Strandtun (Fedje gnr 168 bnr 232)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 232
Adresse: Stormarkvegen 62

Strandtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Jan Nilsen f. 1947 Svena (gnr 168 bnr 81-1c, sjå der) d. 2015 g. 1969 m. Ingrid Eriksen f. 1946 Askøy. Skøyte 1972 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 7 i 1971. Huset vart bygd i 1972. Det er seinare påbygd og taket er skifta. Jan var fiskar og kvalskyttar, medeigar i m.a. fleire båtar med namnet «Feie». Sjøbu og naust (bygd 1994) ligg på tomt bnr 427, frådelt gnr 168 bnr 275 i 2003 (bnr 275 vart frådelt gnr 168 bnr 7 i 1977). Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 30. Ingrid har vore lærar og landpostbud, poststyrar på Fedje frå 1996 og sidan kyrkjeverje.

Born: a. Britt Norunn Nilsen f. 1970, sjukepleiar, g. 1995 m. Andreas Johnson f. 1968 Oslo d. 2023, bygningsingeniør, bustad Bergen, seinare Askøy. b. Reidun Johanne Nilsen f. 1973, lærar/rådgjevar, g. 1999 m. Rolf Walderhaug f. 1973 Sulo (gnr 169 bnr 101-1c), bustad Askøy. c. Synnøve Nilsen f. 1976, ergoterapeut, g. 2004 m. Hans Erik Ådnanes f. 1974 Bremnes på Bømlo, kranførar, busette der. d. Kjersti Nilsen f. 1979, bustad Moldøyna (gnr 170 bnr 57).


Fedje komm.svg Strandtun (Fedje gnr 168 bnr 232) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Leite (Fedje gnr 168 bnr 195) • Neste bolk: Støltun (Fedje gnr 168 bnr 234)