Therese Tungen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Therese Tungen (fødd 1. september 1977 i Kvam, i Nord-Fron kommune ) er redaktør og forfattar.

Therese Tungen voks opp i Kvam sentrum, rett nord for Vesleåa. Ho er dotter av Ola Tungen og Alice Tungen (fødd Moen). Morsslekta har budd i Kvam i mange generasjonar og farsslekta er frå Kvikne.

Tungen studerte litteraturvitskap i Trondheim. Undervegs i studietida budde ho i Aix-en-Provence for å lære fransk, noko ho lyktest dårleg med, og eitt år i Ohio, som ein del av hovudfaget i litteraturvitskap.

Hovudfagsoppgåva hennar handla om den dystopiske romanen In the Country of Last Things av den amerikanske forfattaren Paul Auster.

Etter endt studium gjekk ho eit år på Forfattarstudiet i , før ho enda i forlagsbransja, først som redaktør i forlaget Oktober, så i Kagge, og nå (2020) jobbar ho som sakprosaredaktør i Det Norske Samlaget.

Tungen gjekk over frå å skrive nynorsk til bokmål på vidaregåande av pragmatiske omsyn (fordi ho hadde betre karakter i bokmål), men gjekk attende til å skrive nynorsk att midt i trettiåra, noko som også gjorde at ho fann ein form på den skjønnlitterære skrivinga.

Therese Tungen bur på Sagene i Oslo med sambuar og to barn, men kjem stadig attende til Kvam, som også har vore inspirasjon bak fleire av tekstane i den fyste novellesamlinga, Ein gong var dei ulvar (2017). Opningsnovella handlar om ein stor flaum som rammar ei bygd.

For debutboka fekk ho Aschehougs debutantstipend og Bjørnsonstipendet. Boka vart også nominert til Ungdommens litteraturpris. I 2019 kom boka Kjærleik og det som liknar, som består av fem lange noveller.

Bibliografi

  • Ein gong var dei ulvar. Noveller. Aschehoug, 2017.
  • Kjørleik og det som liknar. Noveller. Aschehoug, 2019.

Kjeldar

Sjå også