Forside:Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad, i nord mot Bjørnafjorden, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Frå feltet med bautasteinar på Årbakka. Desse steinane er stilt omlag midt i feltet.
Foto: Magne Ove Kleppe
Årbakkasanden i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Her finst eit gravfelt med bautasteinar datert til jarnalderen. Gravfeltet på Årbakka inneheld 23 gravhaugar, fem bautasteinar og to steinringar, og strekkjer seg over eit område på 45 x 110 m. Ein sjette bautastein ligg i dag i fjæra like ved, der den i lang tid har vore nytta som helle til eit båtnaust. Biskop Jacob Neumann granska staden då han i 1828 visiterte i Sunnhordland, og 19 år seinare fekk han ein kandidat Stuwitz til å teikna ein plan over gravfeltet. Denne trykte Neumann i 1846. Neumann sine «optegnelser» vitnar om stor antikvarisk og arkologisk interesse. Han har fått med om lag alle fornminna, og skildrar tilhøva for kvar einskilt, både steinane, steinringane, haugane og røysane. Dertil nemner han «skibshøier».   Les mer …

Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.   Les mer …

Tysnes Rundt 2006

Tysnes kystlag blei stifta 1992, er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 70 medlemmer (2014). Båtrygging og bruk av robåt er laget sin kjerneverksemd.

Kystlaget har lokalar på handelstaden Årbakka i Tysnes kommune, der det har vore handelsstad med krambu og postopneri frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 då verksemda vart nedlagt. Laget leigar det midtre huset der, i fyrste etasje har kystlaget eit slags museum, det er det motorar og ymse sakar frå heilt til bake til seglskutenes tid og i andre etasje har møtelokal. På kaia ved Flakkavåg ligg eit båtbyggjeri som kystlaget leiger til båtbyggjarkursa sine. Med Harald Dalland (1945 - 2014) i spissen har kystlaget arrangert kurs sidan 1995, og det har i alt vorte bygd om lag 50 båtar.   Les mer …

Johannes Heggland (1919-2008) fotografert på trappa utanfor huset sitt på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Bladet Tysnes
Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.   Les mer …

Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).

Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.

Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå omlag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva.   Les mer …

Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysnes kommune
 
Andre artiklar