Bimøte der ein undersøker ei bikube.
Telemark Birøkterlag vart skipa i 1909. Frå byrjinga heitte laget Bratsberg Amts Biavlsforbund.
Det var skreddarmeister Mathisen frå Langangen som gjorde opptaket til laget. Kring 1950 hadde laget 21 lokale birøktarlag i heile fylket. Laget administrerte birøkten i fylket og arbeidde for å stadig betre denne. Ein dreiv også formidlingsverksemd om næringa ved forskjellige stemne.
Telemark Birøkterlag fekk økonomisk støtte frå Telemark Landbruksselskap. Les mer …
Stoga i Hovden Der nede 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes Der nede, Hovden der nede eller Der nor, er gardsnummer 1 blant Hovdengardane i Bykle kommune.
| Rudkallen i Hovden het Lei’uv. Men Hovden var eldre gard enn Breivi; det kann ein sjå av det at Hovden hev næraste heidemarki. Breivingane laut heilt austom Hovde-eigni med sine støylar og slåttor.
|
|
|
Såleis står det å lesa i Gamalt or Sætesdal (II, 8), og tradisjonen har tvillaust rett i at dette er mykje gamal busetnad. Eldre enn Breive er han nok likevel ikkje, for der kan arkeologane melde om jordbruk så tidleg som frå 500-talet. Men frå Hovden fortel dei om jernvinne attende til 800-talet, og ettersom denne aktiviteten tykkjest ha vore driven på heilårsbasis, skal me altså rekne med fast busetnad frå vikingtida og frametter. Resonnementet om at den garden som hadde dei næraste heiane lyt vera den eldste, fyreset at hei- og fjellstrekningar ikkje kan ha skift eigar i eldre tid, men den fyresetnaden er nok ustø. Eit stykke ut i gardssoga finn me også ein Leidulv, som budde her, men nokon rudkall var den mannen ikkje. Les mer …
Dale – gard nr. 56 i Bygland kommune, foto frå 1910–1915.
Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på ca. 25 000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid. Les mer …
|