Jon Sørensen og familien. Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket. Les mer …
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit (2014)
Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.
Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.
Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn. Les mer …
Byste av Niels Henrik Abel ved Gjerstad kyrkje, laga av Brynjulf Bergslien og reist i 1958. Foto: Heidi Thöni Sletten (2013) Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802 på Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa.
I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap. Les mer …
Allmannajuvet i Sauda kommune, frå anlegget teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Her ser ein galleriet. (2017)
Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande. Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet.
Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani. Les mer …
Væren i Gjesdal sitt kommunevåpen viser både til sauehaldet som landbruk og til ullvareproduksjonen som har så lang tradisjon i bygda. Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller « protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av ( A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874). Les mer …
Olavskyrkja på Avaldsnes. Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad. Les mer …
Soknekirken St. Paul i Bergen. St. Paul menighet er den katolske menigheten i Bergen. Den første soknepresten ble utnevnt i 1857, og 1858 regnes gjerne som grunnleggelsesåret for menigheten. Formelt ble den det året en misjonsstasjon, og i 1870 ble den selvstendig menighet. Soknekirken St. Paul sto ferdig først i 1876. Det ble raskt etter at St. Olav menighet var oppretta i Christiania i 1843 lagt planer for en misjonsstasjon i Bergen. Selv om det nok hadde bodd katolikker i Bergen i tida etter reformasjonen, hadde de aldri fått begrensa religionsfrihet slik det var i bergstadene og i Fredrikstad. Det var derfor svært få katolikker i byen, og dermed lite grunnlag for å etablere en menighet på kort sikt. Det som allikevel lokka, var dels at Bergen var en svært viktig by, i mange henseender langt viktigere enn Christiania, og dels at det på grunn av den store skipstrafikken ville være et stort antall katolikker som hadde kortere eller lengre opphold i byen. Sokneprest Gottfried Ignatius Montz i Oslo og pater Johan Daniel Paul Stub, som var bergenser, var derfor villige til å forsøke å etablere noe i byen. Fram til 1845 var det bare i Christiania de hadde lov til å etablere fast virksomhet, men i 1845 kom dissenterloven, og dermed var det åpent for nyetableringer. Les mer …
Kvekergravplassen på Storhaug i Stavanger er omgitt av høye murer og stengt med en låst port.
På Storhaug i Stavanger finnes det en gravplass av en ganske spesiell karakter, omgitt av høye murer og stengt med en låst smijernsport - det siste hvilestedet for mer enn 250 kvekere. Gravplassen ble etablert i 1854 og er unik - ikke bare i norsk, men også i europeisk sammenheng. At den finnes nettopp i Stavanger, har sin årsak i at byen var det største nedslagsfeltet for kvekerdommen her i landet.
I dag er det få kvekere igjen, ikke bare i Norge, men også på verdensbasis. Slik var det ikke på slutten av 1600-tallet, da kvekerbevegelsen oppsto i England og bredte seg raskt fra land til land - ja, i den grad at en egen stat i USA ble fullstendig preget av bevegelsen, kvekerstaten Pennsylvania som ble opprettet i 1681. Les mer …
|