Olava Bertine Håland, fra Våre falne. Foto: Ukjent
Olava Bertine Håland f. Hauen (fødd 18. juli 1880 i Skudenes, død 28. november 1941 på Skudenesfjorden) var husmor. Ho var ei av de 33 som omkom då ruteskipet M/S «Vindafjord» vart senka av flybomber på Skudenesfjorden nord for Stavanger.
Olava Bertina, kalla «Lava», var dotter av Samuel Hauen (1848–1938) og Anna Serine Hauen (1852–1928).
I 1905 vart ho gift i USA med Børre Kristian Håland (1872–1959). Dei busette seg på heimstaden hans, bruket Håland i Kvitsøy kommune. Han hadde teke over det vesle bruket då faren vart sjuk. I 1905 var han på vitjing i USA, der han traff Lava i Sioux City. Den første dottera, Bertha Malene, vart fødd der i 1906. Dei fekk seks born til; yngstemann Peder Elin vart fødd i 1923. Det vesle våningshuset på Håland vart for lite for familien, og i 1925 bygde dei seg eit nytt hus der. Les mer …
Ingeborg Søndenå med malmlass på hestekjerra. Dette er logoen til Ingeborg Handverk S.A., og logoen er teikna av Elisabeth Hellerdal Fosstveit.
Ingeborg Søndenå (1851-1891) kom frå Birkeland i Sauda. Ho arbeidde som hestekøyrar i sinkgruvene i Allmannajuvet. Ingeborg vart kjend for å køyra to hestelass frå der andre berre greidde eitt, og endåtil kunne ho spøta (strikka) medan ho køyrde [1]. Les mer …
Ein av dei flotte vegkonstruksjonane på driftavegen i Viglesdalen. Foto: Njål Vadla
Driftavegen gjennom Viglesdalen i Hjelmeland kommune i Rogaland er ein gamal ferdselsveg som følger dalføret innover mot turisthytta Stakken og vidare til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Vegen er ein del av nettverket av dei gamle ferdselsårene austover fjellet frå Ryfylke til Setesdal. Frå 2020 har ruta status som Historisk vandrerute
Fyrste del av turen er ein imponerande drifteveg som vart bygd av svenske rallarar i åra 1907-1912. Planen var truleg å bygge den vidare austover. Driftevegen går i et fantastisk kulturlandskap langs sørsida av Storånå frem til Viglesdalsvatnet. Ved enden av Viglesdalsvatnet ligg fjellgarden i Viglesdalen, med arkeologiske spor heilt tilbake til jernalder. Den historiske vandreruta fortsett vidare mot Stakken og Nilsebu. Frå Nilsebu kan ein gå ned til Lysestølane. Les mer …
Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.
Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.
Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag. Les mer …
Kvitsøy fyr i 2004. Foto: Roar Johansen
Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.
I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga. Les mer …
|