Ulla fyrstasjon ligg i Haram i Ålesund kommune. Fyret vart oppretta i 1874. I 1872 vart det «fra den fiskende almue i Haram» søkt om eit fyr enten på Kvernholmen eller på Ullaholmen. Søknaden var anbefalt av amtmannen m.fl. Løyve vart gitt til oppretting av eit fiskefyr, og det vart kjøpt ei mindre tomt på Kvernholmen der det vart oppført ei fyrbygning på 8,3 x 4,5 m med to små rom og eit vaktrom på loftet. Fyret vart ferdig hausten 1873 og vart tent den 25. januar 1874.
I budsjettet for 1889-90 vart det gitt løyve til å utvide brennetida. Dette innebar at stasjonen måtte utvidast til familiestasjon. Og derfor var det ønskjeleg å kjøpe heile Kvernholmen slik at det vart ei brukbar ordning med småbruk for fyrvaktaren. Ein bustad på 8 x 6 m vart oppsett i tillegg til den som stod der frå før. Uthus og naust med båtopptrekk vart også oppført og dessutan eit lite fjøs. I 1898 vart det installert ei 4. ordens linse, og fyret vart omskjerma med fleire klippsektorar. Under ein storstorm i januar 1901 vart naustet flytta av sjøen utan at det vart særleg skada. Ein del av det som stod i naustet vart skylt bort, og fyrvaktaren fekk kr 67,- i erstatning for tapte effektar… Eit landingskar med svingkran vart bygd i 1908. I 1929 vart fyret vesentleg forsterka med installering av elektrisk kraft frå Haram Elverk. Les mer …
Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. Foto: Ørsta Kleklypefabrikk
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk. Les mer …
Her vert «Nilfisk» sjøsett. (1974)
MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk.
«Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.
Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik. Les mer …
Notabåten Trollet. Foto: Arne Høydal
Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot. Les mer …
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.
Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da krigen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden. Les mer …
|