Sandella i 2013. Foto: Fabrikken
Sandella, Sandella Fabrikken AS, er ein skumplastprodusent i Sykkylven. Verksemda var ved etableringa i 1961 ein avleggar av Sande Fabrikker A/S i Sande i Vestfold. Det var dei to venene Arild Wahlstrøm og Martin Mehren som under krigen gjorde opptaket til Sande-bedrifta. Då møttest dei jamleg sommartida under laksefisket i Lærdalselva, og i Lærdal vart tanken fødd om ein reparasjonsverkstad for støvlar og sykkeldekk.
Frå 1946 kom verksemda inn i fastare former. Det vart danna eit aksjeselskap, Sande Fabrikker A/S. Produksjonen vart då kontorstolputer, skriveunderlag og lister av porøs gummi til buss- og bilindustrien. Les mer …
Sykkylven vidaregåande skule etter fasadeskiftet i 2013. Foto: Dagfinn Fredly
Sykkylven vidaregåande skule vart oppretta i 1974 gjennom eit sterkt lokalt engasjement og kløktig bruk av gode alliansar, også på nasjonalt nivå. Skulebyggaren framfor nokon var inspektør ved ungdomsskulen, seinare rektor og skulesjef, Ola Longva.
I 1960- og 70-åra vart det meir og meir vanleg å ta vidaregåande utdanning. Det skjedde nærast ein utdanningseksplosjon i desse åra, noko ein kan vise med følgjande tal: Elevtalet i gymnaset vart femdobla på landsbasis frå 1950 til 1970. Elevtalet på fag- og yrkesskular auka frå kring 50.000 til 70.000 frå 1960 til 1970. Utviklinga var ikkje annleis i Møre og Romsdal: Talet på gymnasiastar i fylket var 450 i skuleåret 1950/51, 1000 i 1960/61 og 2500 i 1970/71. Dei sykkylvsungdomane som ønskte å ta vidaregåande utdanning måtte anten reise til Volda eller til Ålesund. Utover i 1960-åra var det fleire som byrja å snakke om at det no var på tide å arbeide for ein vidaregåande skule i kommunen. Les mer …
A. Rellings lenestolmodell frå 1939.
Adolf Relling (fødd 3. januar 1913 i Sykkylven, død 24. februar 2006 i Oslo) var ein interiørarkitekt og møbeldesignar frå Sykkylven på Sunnmøre. Foreldra var gardbrukar Ole Bastian Relling (1881–1967) og Hanna Lovise Strømme (1882–1958). I 1948 vart Adolf Relling gift med Reidun Skipperud (1919–1999), og saman fekk dei borna Jens og Margaret. Adolf Relling tilhøyrde den første generasjon utdanna designarar som arbeidde mot møbelindustrien. Han teikna både for produsentar på Austlandet, i Hordaland og på Sunnmøre. Adolf Relling var bror til designaren Ingmar Relling, og begge fatta tidleg interesse for møbelproduksjon. I deira ungdomsår voks det fram eit rikt produksjonsmiljø innan møbel- og trevareproduksjonen i Sykkylven. Les mer …
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes. Foto: Ekornes fabrikker. Ikornnes er ei grend på sørvestsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda.
Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes. Les mer …
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.
Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.
Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II. Les mer …
|