Hafslo Bedehus, Luster kommune. Dette bygget vart teke i bruk vinteren 1965 og vigsla 28. mai 1967.
Hafslo bedehus står i Luster kommune i Sogn og Fjordane. I 1964 reiv bedehusfolket på Hafslo bedehuset sitt, og bygde nytt. Det førti år gamle huset hadde eit svært uvanleg bedehuseksteriør og var bygd av reisverk heilt utan isolasjon. Styret søkte råd hjå fagfolk som rådde til å byggja nytt framfor å utbetra. Det nye huset vart teke i bruk med opningsfest i februar 1965. Les mer …
John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Johnsen Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.
Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).
Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil. Les mer …
Sjur Hesjevoll. Foto: Henta frå Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg (1996) Sjur O. Hesjevoll (fødd 19. mars 1914, død 18. desember 1994) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var spelemann, biletkunstnar og tredreiar.
Hesjevoll var son av Anna Sjursdotter f. Krokgjelet og Ola Halvorson f. Fåberg. Dei fekk tolv born, og Sjur var den tiande i rekkja. Han budde på heimgarden Hesjevollen i Jostedalen fram til 1968. Då fekk han bygt seg verkstad og husvære på Stein, like ved Svoi på Øvste Hesjevoll. Av utdanning hadde han folkeskulen. Han hadde ingen utdanning som spelemann eller kunstmålar ut over nokre brevkurs. Når det gjeld trearbeidet hadde han nok likevel godt ein god skule heime. Fyrste fela si fekk han som 5–6-åring, og musikken vart den største gleda hans gjennom livet. Han hadde gode læremeistrar og førebilete i dei kjende jostedalsspelemennene Johannes Ormbergstølen, Martin Halveg og Olav Sperle. Les mer …
Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina.
Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. Det har nok vore så som så med vedlikehaldet av Jostedal prestegard i tida hans. Åbota for prestegarden då Cordsen overtok kallet og garden i 1807, kom på 125 riksdalar. Då Cordsen forlet Jostedalen, måtte han ut med 236 riksdalar til etterfølgjaren Holger Halling Schjødt.I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almuen samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine." Les mer …
|