Forside:Sogndal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Balestrand • Leikanger

Om Sogndal kommune
1420 Sogndal komm.png
Sogndal kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Den noverande Sogndal kommune vart etablert i 2020, då Leikanger og Balestrand vart innlemma. Administrasjonssenteret er Sogndalsfjøra, medan Fylkesmannen i Vestland held til i Leikanger (Hermansverk).

Sogndal er kjend som saftbygda, og er ein av dei store fruktprodusentane i fylket. Lerum Fabrikker har ein av sine fabrikkar i Sogndal. Det er og ein god del husdyrbruk i kommunen. Industrien er i stor grad knytta til landbruket, i form av slakteri, bær- og fruktforedling og anna næringsmiddelindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Motiv fra Henjatunet.
Foto: Elin Olsen (2013)

Hermansverk var kommunesenteret i Leikanger kommune, og ligg på nordsida og Sognefjorden. Bygda har vakse saman med Leikanger til ein tettstad, Hermansverk/Leikanger, med til saman ikring 1900 innbyggjarar (2009). Bygda har namn etter Herman Brun, ein kjøpmann som hadde sitt verke der i 1840-åra.

I 1989 vart Fylkeshuset i Sogn og Fjordane åpna i Hermansverk.

Planteforsk Njøs, ein institusjon som forskar på bær og frukt, ligg i Hermansverk. Staden hadde tidlegare ein konservesfabrikk, som vart grunnlagd av Halvard Drægni i 1919. Fabrikken vart teken over av Lerum i 1982, men har sidan vorte lagd ned.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje.   Les mer …

Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.   Les mer …

Henrik Mohn Dahl
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen.   Les mer …

Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.

Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.

Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Sogndal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar