Agria 1300 R m ILO 5 HK 2T-motor 1954-mod Motorslåmaskina sitt inntog i norsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet er halde i hevd etter at ljåen og heste slåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet. Dei tidlege maskinene med totaktsmotor utan turtalsregulator kunne vere ein prøvelse for køyrekarane når det var tynt med gras og motoren gjekk "magert" (for lite bensin i høve til luftmengde). Turtalet på motoren går opp, kniven i slåtteapparatet går raskare fram-og-tilbake og styrehandtaka ristar meir enn ved normal slått. Fingrane og skuldrane visnar bort grunna risting i styrehandtaka. Det var ikkje uvanleg at slåttekarane måtte matast ved bordet etter ein lang dag på slåttetegen. Dei fekk ikkje opp hendene og fingrane ville ikkje virke lenger. Les mer …
Kystlaget Salta er lokallag av Forbundet KYSTEN og ble stiftet i 1989. Kystlaget holder til i Bodø i Salten i Nordland og har ved slutten av 2015 ca. 240 medlemmer. De arbeider med å ta vare på gamle båter og andre deler av kystkulturen i Salten. En viktig del av virksomheten er å bruke båtene for oppleve «på kroppen» hvordan livet langs kysten har vært i tidligere tider.
Kystlaget Salta har stor aktivitet som strekker seg fra å ta vare på ulike typer båter, restaurere hus og brygger og drive kafe og båtturer.
Salta gir ut eget medlemsblad som de kaller Ausekaret. Bladet kommer ut 2-3 ganger i året. Les mer …
Eit sjøhus, òg kalla ei sjøbu, ei bryggje eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skuter kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjøveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vinder for heising av gods mellom bryggja og skutene. Rett under vindhuset er det bryggjedører ( brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varene var tekne inn ved lossing av skuta og ut ved lasting. Namnet bryggje med variasjonar (brygge, brøgge, brø’gg, brøggæ, brøgga o.a.) er det vanlege namnet frå Nordmøre og Trondheim og nordover. Sjøhus er det vanlegaste namnet sør i Noreg. På Sunnmøre blir bryggjene, inkludert dei store murbryggjene i jugendstil i Ålesund, helst kalla sjøbuer. Nemninga pakkhus blir helst bruka om dei store bryggjene i bindingsverk som særleg vart bygde frå utpå 1800-talet av. Pakkhus er likevel først og fremst ei funksjonsnemning og inkluderer òg bygningstypar som ikkje er bryggjer. Les mer …
Fiskehjell. Fleire tonn tørrfisk blir produsert i Noreg kvart år.
Tørrfisk ( nynorsk/ bokmål) eller turrfisk nynorsk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell eller (sjeldnare) tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjente konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er billig òg — det kan gjerast av fiskaren sjølv, og det gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjent frå gammalt av i Noreg; ordet « torsk» kjem av det norrøne þurskr, som er ei samantrekt form av þurrfiskr (‘tørrfisk’). Tørrfisken er den vara Noreg har eksportert lengst, og han er, ved sida av råolje, naturgass og inntekter frå handelsflåten, den samfunnsøkonomisk mest lønnsame eksportvara gjennom hundreåra. Fisk som er salta og flattørka blir kalla kleppfisk eller klippfisk. Les mer …
|