Jakob Bøthun. Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag. Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn. Les mer …
Kvamsøy kyrkje på Kvamsøy i Balestrand kommune vart reist omkring 1280–1300. Øya var i mellomalderen ei viktig hamn, og hadde derfor si eiga soknekyrkje. Regneskapane fortel om mange gåver frå reisande som la til i hamna. Sida 2004 ligg kyrkja i Balestrand kyrkjelyd. Ho er ikkje lenger i fast bruk, for kring 1900 fekk Kvamsøy sokn ny kyrkje, Sæle, lengre vest ved Sognefjorden. Det er gudstjeneste i kyrkja ein søndag i mai og på olsok, og elles nyttast ho til nokr gravferder.
Kyrkje er reist i ein enkel stil. Ho har ein rektangulær grunnplan, der koret har samme breidd som skipet. Stilen er vestnorsk gotikk. Kyrkja vart forsterka i 1680-åra, etter at ei synfaring viste at det var skader i murverket. Les mer …
Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.
Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.
Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane. Les mer …
|