Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. mai 2010 kl. 23:55 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Stavkyrkja i Volda. Tatt ned i 1858. Malt av Ranveig Alvestad Halkjelsvik
Foto: Narve F. Birkeland
Stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i VoldaSunnmøre var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den utbygd til krosskyrkje. Første tilbygget kom i 1550-åra. Det andre ei god stund seinare. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar i kyrkja, «saavel staaende som sittende». Kyrkja vart tatt ned i 1858.   Les mer …

Annonse for Møre Skofabrikk i Romsdals Amtstidende 19. september 1921.

Møre Skofabrikk A/S vart etablert i Steinsvika i Dalsfjorden 8. mars 1918 av Johannes Kvangarsnes (1898-1980) og Benjamin Tverberg (1898-1944). Dei arbeidde før på tønnefabrikken i Åmelfoten, men vart arbeidslause då den vart nedlagd. Dei fann da på å satse på sko, for det var det stor etterspurnad etter.

I 1930 hadde tjue personar arbeid på skofabrikken, og dei produserte 70-100 par sko kvar dag.

I 1956 vart det bygd ny og meir effektiv fabrikk. Her kunne kvar tilsett produsere 10-12 par sko kvar dag. I 1960-åra vart vernesko ei viktig produktgruppe.   Les mer …

Dalsfjord kyrkje.
Foto: Widerøe
(1963)

Dalsfjord kommune (herad) er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Den vart utskild frå Volda kommune i 1924 og lagt attåt att i 1964. Kommunen var den vestlegaste luten av Volda, med grenser mot Rovde, Syvde, Vanylven kommune og Eid kommune i Sogn og Fjordane. Grensa mellom den nye kommunen og Volda vart sett mellom gardane Rossetvikane og Nautvika.

Dalsfjord herad hadde ei flatevidd på 165,49 km2. Av dette var i 1963 6,03 km2 dyrka eller dyrkande jord og 14,42 km2 produktiv skog. I 1960 var folketalet 1166.   Les mer …

Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset
.

MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland. «Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.

Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg.   Les mer …

Fra båtbyggeriet i 1955.
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske. Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da krigen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden.   Les mer …

Draging av båt med Storebåtsvogna. Båten er ein 40 fots dekksbåt som seinare fekk ein liten motor og gjekk i fart på Austefjorden. Pga. liten fart fekk båten tilnamnet «Bondepinå».

Storebåtsvogna i Bjørkedalen i Volda er kanskje Noregs einaste hestetrekte båtvogn bygd med statstilskot. Bakgrunnen for tiltaket var utviklinga i fiskerinæringa på kysten sist på 1800-talet, særleg overgangen til større båtar og dei problema båtbyggjarane i Bjørkedalen hadde med transportvegen ned til Kilsfjorden og sjøen.

Bjørkedalingane kunne sjølvsagt bygge større båtar, men det å frakte dei på den gamle vegen vart vanskelegare og vanskelegare. Dette behovet var medverkande til at det vart bygd ny, telefri veg ned til Kile sist i 1870-åra.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar