Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Kø på ferjekaia i Lødingen.
Foto: Nasjonalbiblioteket
(1963)
NEG 256 Ferger er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2015 med tittel Ferger. Utsendarar var Heidi Richardson ved Hardanger Fartøyvernsenter.   Les mer …

Noen av husmorfilmene har handling lagt til drabantbyen Lambertseter i Oslo. Antenneveien med Lambertseterveien på tvers i bakgrunnen. Borettslaget Marmorberget på Lambertseter i Oslo fra juli 1952, og det sto helt ferdig i 1954.
Foto: Oslobilder.no
NEG 205 Husmorfilmene på 1950- og 1960-tallet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2004 med tittel Husmorfilmene på 1950- og 1960-tallet. Utsendar var Anne Marit Myrstad i samband med eit forskingsprosjekt ved Historisk institutt på Universitetet i Oslo.   Les mer …

Helge Ingstad med pipe i munnen er fra et album etter Gunhild Sandberg er fra 1936 - med teksten Pelsjegeren fremført i privat.
NEG 92 Bruk av tobakk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1962 med tittel Bruk av tobakk. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Spørsmål 21 og 22 i denne lista i korresponderer med NEG 114 Tenner og tannverk, spørsmål 9 i NEG 45 Barnestell 1 og spørsmål 48-55 i NEG 46 Barnestell 2.   Les mer …

Låven til Ormem gnr 75 i Grytten.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)
NEG 57 Løa er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1956 med tittel Løa. Utsendar var Marta Hoffmann.   Les mer …

Juleselskap hos ekspedisjonsjef Kristian Adolf Fauchald i Oslo.
Foto: Fotoarkivet på Berg
NEG 195 Jule- og nyttårsselskap er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2002 med tittel Jule- og nyttårsselskap. Utsendar var Norsk etnologisk gransking.   Les mer …

"Love for Selskapet Fyresdals Vel".
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.

16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa. 8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.

Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar