Hans Romundset ( 1904- 1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommune på Nordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar. Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943. Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Les mer …
Det noverande huset i Grinda. Husa var nok enklare da Jó Gri’nn voks opp på plassen
Jon Olsen Mogrinden ( 1794– 1853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommune på Nordmøre. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmøre i si tid. Jon Olsen Mogrinden vart fødd utanfor ekteskap i 1794 av mora Mali Jonsdatter, som var frå husmannsplassen Grinda eller Mogrinda på Kvenna. Etter kyrkjeboka var faren ein soldat med namn Ole Olsen fra Nordvik. Jon kom i skreddarlære etter at han var konfirmert, og han lærte òg å spela tyskfele. Les mer …
|