Forside:Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Rollebilde av Kolbjørn Buøen fra ca. 1940.
Foto: Christian Bøbak/Oslo Museum

Kolbjørn Engebretsen Buøen (født 20. januar 1895 i Flå i Hallingdal, død 5. oktober 1975 i Oslo) var skuespiller, ansatt på Den Nationale Scene fra 1920 til 1938, deretter var han tilknyttet Nationaltheatret til han gikk av med pensjon i 1965. Han spilte i over 300 roller på Nationaltheatret. Blant dem kan nevnes Bispen i Bjørnstjerne Bjørnsons Over ævne I, doktor Rank i Henrik Ibsens Et dukkehjem, grosserer Werle i Vildanden, Willy Loman i Millers En handelsreisendes død, og kapteinen i Strindbergs Dødsdansen. Hans avskjedsforestilling var tittelrollen i Ibsens John Gabriel Borkman

Buøen spilte også i enkelte filmer, men debuterte sent, hans første film var Kranes Konditori fra 1951 (regi Astrid Henning-Jensen). I 1956 fikk Buøen Kritikerprisen.   Les mer …

Solveig Hildur Ødegaard (fødd 17. oktober 1913, død 1. mars 2016) vart fødd på garden Dokken i Svenkerud, Nes kommune i Hallingdal. Foreldra var Kari Jørgensen Dokken og lærar og fotograf Lars K. Ødegaard (1877-1933). Etter middelskulen jobba ho på telegrafstasjonen i Nesbyen. Ei tid budde ho hos fotografen Arne E. GrøvoGeilo, der ho gjekk i fotolære. Etter andre verdskrigen gjekk ho Treiders handelsskule og arbeidde deretter to år hjå Citroën i Oslo. Frå 1948 var ho styrar for Nes telegrafstasjon, fram til automatiseringa i 1978. Då ho var 89 år, flytta ho til hytta på Myking, der ho budde til ho var 97, med heimehjelp kvar fjortande dag. Ho var glad i å gå turar både sumar og vinter.   Les mer …

Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

Olav Reinton foreviga kvardagslivet i bygda. Denne vesle pjokken i velbruka brok er Ingvald Slettemoen kring 1911.
Foto: Olav Reinton. Kjelde: Bilete frå Hol, 1993.
Olav Reinton på orgelkrakken, kring 1910-12. Hol bygdearkiv eig biletet.

Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.

Reinton vaks opp på klokkargarden Solvang (19/8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.

Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han fram med til han vart sjuk kring 1914. Reinton reiste mykje rundt og dokumenterte både kvardagsliv og høgtid i bygda. I tillegg tok han portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Mange av fotografia er samla i boka Bilete fra Hol [1] Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Det finst kring 900 glassplater etter Reinton, som Hol kommune har fått i gåve frå syskjena. Reinton førte også protokollar med notat for kvart bilete, som også er bevarte.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 3. juni 1976: utsnitt av nekrolog over Hjalmar Andreas Mjelstad.
Hjalmar Andreas Mjelstad (født 27. juli 1895 i Skånevik i Etne kommune, død 28. mai 1976) var sivilingeniør. Gjennom hele yrkeskarrieren arbeidet han med elektrisitetsforsyning og kraftutbygging, lengst var han ved Oslo Lysverker, der han blant annet var kraftutbyggingssjef. Hjalmar Mjelstad var sønn av brukseier Berge Mjelstad (f. 1860) og Martha f. Hillesdal (f. 1862), og ble gift i 1932 med Ingeborg Vinje Ludvigsen (1903-1993).   Les mer …

Attgrodde ruinar etter noko som antakelig har vore ei steinbu til stølen Mjølhaugen, Ustaoset.
Foto: Marianne Wiig (2012).
Stølen Mjølhaugane låg på Ustaoset i Hol kommune. Stølen høyrde opphavleg til garden Geilo i Ustedalen. Ved delinga av garden i 1772 følgde han nedre nordre Geilo. I 1808 selde Ola Knutson Geilo garden med stølar til verbroren Lars Olson nedre Geilo. Åtte år seinare kjøpte Svein Olson Rudningen (1769-1861), Holet, stølen med bu, hamn og ved. Han kjøpte på denne tida fleire stølar i området kring Ustaoset, mellom anna i Prestholt. Restar etter ei eller fleire steinbuer og steingjerder ligg i dag (2012) på ein skrå voll nedanfor Mjølhaugane.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar
  1. Alsvik, 1993.