Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif bak til høgre.
Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken. Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.
Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959). Les mer …
Johan K. Thuland Foto: Ukjent.
Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.
Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr. Les mer …
Skulehuset i Utvær, våren 2023. Et lite, hvitt hus med grønne vinduskarmer, som er bygd på svaberg helt nede ved sjøen. Huset har en støpt sokkeletasje med en dør og tre vinduer under førsteetasjen som er bygd med trepanel. Til høyre for huset står det en tank med flassende grønn maling. En gruppe på omkring 20 personer står foran huset. De er alle godt kledd og det kan se ut som det blåser. Foto: Arnt Ola Fidjestøl (2023)
Utvær krins var ein skulekrins i Solund kommune i Sogn. Utvær skule var det vestlegaste skulehuset i landet. Før skulehuset vart bygd, måtte ungane bu vekke for å gå på skule. I 1938/39 stilte grunneigaren tomt til råde, kommunen bygde grunnen og utværsfolket kosta skulehuset. Etter dette slapp borna på Utvær å bu vekke. Høgste elevtal var om lag 15, og det var i krigstida. Fråflytting undergrov grunnlaget for skulen på 60-talet. Frå 1961/62 gjekk borna på skule på Indrevær mesteparten av året, men dei heldt fram med vinterskule nokre år til. Les mer …
|