Forside:Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad, i nord mot Bjørnafjorden, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Johannes Tvedt (1847-1943).
Foto: Norske lensmenn, 1950.
Johannes Tvedt (fødd 1847 i Kvinnherad, død 1943) var frå Omvikedalen i Kvinnherad, son åt fanejunker og bonde Johannes Tvedt og halvbror av diktaren Jens Tvedt. Han kom til Tysnes som lensmann i 1881 og sat i embetet til 1918. Johannes Tvedt var elles ein særs aktiv person som tok del på ei rekkje område i bygdelivet, og framleis vert hugsa som ein markant person. Etter skulegong på Halsnøy var han ei kort tid handelsbetjent i Haugesund. Så fekk han ei stilling som amtsfullmektig i Nordre Bergenhus nokre år, busett i Leikanger i Sogn, før han i 1873 vart tilsett som kontorist på futekontoret på Hamarhaug, som den gongen høyrde til Tysnes, i dag Kvinnherad.   Les mer …

Båtbyggeriet i Lunde produserte lystfartøy på 1920- og 1930-talet, inntil marknaden for slike båtar svikta. Truleg eit postkort frå 1930-talet.

Lunde BåtbyggeriTysnes i Sunnhordland vart etablert i 1912 og var i drift til 1967. Johannes M. Lunde både eigde og dreiv verksemda. Han bygde først båtar ute i Skutevikjo, på den andre sida av Lundavågen. I heilt unge år var Johannes M. Lunde nokre få turar på Nordland, før han byrja reisa utanriks i 1900. Året etter mønstra han av i New York. Her gjekk han på bygnings- og skipsverftsarbeid, i tillegg til teknisk kveldskule. Så kom han heim i 1910, gifta seg og byrja med båtbyggeriet i Skutevikjo.

Tidene var ofte dårlege for verven. Han måtte fleire gongar ta seg hyre til sjøs for å få endane til å møtast, forutan fleire nye opphald i USA. Først i 1935 kom det fart på båtbyggeriet i Lunde att, som han dreiv fram til han døydde i 1954, då sonen Olav overtok.   Les mer …

Tysnes Sparebank sin filial i Våge før 1963, like etter samanslåinga med Tysnes Privatbank.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Tysnes Privatbank vart stifta i 1908 og verka i litt over femti år, inntil banken vart overteken av Tysnes Sparebank i 1959. Då Tysnes Sparebank kom i drift i 1863, heitte det i statuttane for banken at hovudkontoret skulle vera i Tysnes hovudsokn, men då banken kring hundreårsskiftet vart flytta til Uggdalseidet, der også kommuneadministrasjonen hadde flytta, var det ein del interesserte menn som tok til å arbeida for oppretting av ein privatbank i Våge (Tysnes). Under hand vart det teikna aksjar for kr 5 900, fordelt på aksjar à kr 50.

Det vart sendt innkalling til konstituerande møte i skulehuset på Gjerstad i Tysnes i oktober 1908, og der møtte interesserte frå Våge (Tysnes), Lundegrend, nordre delen av Onarheim og Nord-Reksteren.   Les mer …

Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.   Les mer …

Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814.   Les mer …

Johannes Heggland (1919-2008) fotografert på trappa utanfor huset sitt på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Bladet Tysnes
Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysnes kommune
 
Andre artiklar