Norske lensrekneskapsbøker 1548–1567

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske lensrekneskapsbøker 1548–1567 er eit kjeldeskrift utgjeve i seks band av Riksarkivet i tidsrommet 1937–1943. Innhaldet er ordrette avskrifter av rekneskap over offentlege inntekter og utgifter som vart innkravde og utbetalte av lensherrane ved slottslena Akershus, Bergenhus og Steinviksholm/Trondheim med underliggjande små-len og futedøme. Det er eit særs innhaldsrikt materiale frå ei tid som elles er fattig på skriftlege kjelder. Av innhaldstypane kan nemnast slottsrekneskap, tollrekneskap, byrekneskap, skattelister, sakefallslister og jordebøker over offentleg gods med landskyldoppgåver og bygselsavgifter. Ein finn i stor mengd stad- og personnamn i materialet. Dessverre finst det ikkje namneregister for verket, da dette var planlagt i eit sjuande band som aldri kom til utgjeving. Detaljerte innhaldslister gjer det likevel greit å orientere seg i stoffet.

Utgjevinga av Norske lensrekneskapsbøker 1548–, sett i samanheng med Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, inneber at godt som alle bevarte lensrekneskap fram til 1570 er tilgjengeleg i transkribert og kommentert trykt form. Originalmaterialet finst i Riksarkivet, og er også tilgjengeleg digitalt (sjå nedanfor).

Utgjevingshistorikk

Utgjevinga av Norske lensrekneskapsbøker fann stad under riksarkivar Asgaut Steinnes. Utgjevinga 1937–1943 følgde planen som vart framlagd i Steinnes sitt føreord i fyrste bandet, med unntak av at det planlagde band 7 aldri vart realisert. Det skulle innhalde ei innleiing om manuskript og utgjevingsprinsipp. Også utarbeiding av register skulle inngå her.

Redaktør for band 1 var universitetsstipendiat Jens Arup Seip, for band 2–6 arkivar Jonas Jansen. Medhjelparar til dei ymse banda var førstearkivar Johan Agerholt, cand. philol. Andreas Holmsen, stud. philol. Kjeld Helland-Hansen, stud.philol. Knut Nauthella og cand.philol. Alf Kiil.

I Nettbiblioteket

Kjeldeutgåva er tilgjengeleg på Nettbiblioteket som følgjer:

Eit band 7 finst i trykt, men ufullstendig og ikkje utgjeven form. I staden for det planlagde innleiingsstoffet og register, omfattar dette eit tillegg av upubliserte rekneskap: Del I: Viss rente av Jemtland, eit år ikring 1550, del II: Norske inntektspostar i rentemeister-rekneskapen 1551–1568. Digital utgåve:

Skanna utgåve av originalrekneskapa

Dei bevarte, originale lensrekneskapa tilhøyrer Riksarkivet. Serien strekkjer seg frå 1499 til lensordninga vart oppheva og erstatta av amtssystemet etter 1660. Heile materialet, både dei trykte (fram til ca. 1570) og dei utrykte er skanna og gjort tilgjengeleg på Digitalarkivet. digital versjon her.