Ungdomslaget Dalheim, Ramstaddalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset Dalheim.
Foto: Nils Seland, 2003.
Sceneteppe mala av Jonas Peson.
Foto: Nils Seland, 2003.

Ungdomslaget Dalheim i Ramstaddalen, Sykkylven, vart starta i 1918.

Laget hadde 39 medlemmer første arbeidsåret, og Olav L. Ramstad var første formannen. Blant andre som har lagt ned eit stort arbeid for laget, er Ole H. Ramstad og Martin K. Løset.

Lagsbladet heiter «Von». Sceneteppet i Dalheim er mala av Jonas Peson.

Huset Dalheim

I 1930 fekk laget eige hus, Dalheim. Som bnr. 25 vart det i 1925 utskilt frå bnr. 1, Reitane, med skyld 1 øre. Ungdomslaget, ved Olav O. Svindseth og Ole H. Ramstad, fekk skøyte frå Peter M. Klokk 23. juli 1925.

I Sykkylvsbladet sitt referat frå 60-årsfesten 2. juledag 1978, står det at teikninga til huset blei kjøpt av ein arkitekt for 50 kroner. Det er all grunn til å tru at dette har vore kopi av teikninga til ungdomshuset på Åheim, som var teikna av Øyvin Berg Grimnes.

Ramstaddal Lenestolfabrikk heldt første tida til i ungdomshuskjellaren. Bedrifta laga lenestolar og sofaer, mellom anna sovesofaer.

Litteratur og kjelder