Forside:Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: FrøyaHeimHitraIndre FosenOsenØrlandÅfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: BjugnHalsaHemneRoanSnillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
1622 Agdenes komm.png
Agdenes er ein tidlegare kommune på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Trøndelag fylke. Kommunen, som ligg heilt ytst i Trondheimsfjorden, grensar mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelene av kommunen slik han har vore frå midten av 1960-åra er Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen. Kommunen vart i januar 2020 ihopslegen med nye Orkland kommune.   Les mer …

Forkynnaren Hans Nielsen Hauge var på vitjing i Hemne to gonger: i 1802 og 1803. Under desse opphalda dreiv han både med forkynning og praktisk arbeid. Mange av hemnværingane slutta seg til haugianismen som eit resultat av desse vitjingane. Det er opphaldet i 1802 vi veit mest om. I april månad kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik ned til Snillfjord. Her tok han inn på garden Snilldal. Ein preikesundag tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken etter at gudstenesta var over. Mange vart gripne av preika hans. Men det var òg dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Bibelen.   Les mer …

Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982.   Les mer …

Bestyrer Nils Morch ved Breide Samvirkelag 1925 - 1962
Foto: Ukjent
Nils Morch (født 14. april 1893Frøya, død 1966) var bestyrer ved Breide Samvirkelag i 37½ år fra 1925 til 1962. Han satte seg i respekt og ble en aktet borger av Vestbygda i Snåsa. Ved avslutningen av karrieren ble han både Kongens fortjenstmedalje og Norges Vels medalje til del, i tillegg til at han fikk medalje og gode ord for sin innsats for Felleskjøpet.   Les mer …

Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar.   Les mer …

Sandstad kirke, der Lars Aalmo var organist.
Foto: Commons-brukeren Gams (2007)

Lars Aalmo (født 12. juli 1898 i Åsskard, død 12. juni 1978) var lærer, organist, skytter og lokalpolitiker i SandstadHitra.

Han var sønn av Gjertrud f. Rimstad og Ole Larsen Aalmo. Faren var lærer og kirkesanger og seinere ordfører i Sandstad. Da Lars var 12 år gammal, i 1910, bodde familien i Fillan kommuneHitra. Lars Aalmo tok eksamen ved Nordmøre amtsskole i 1914 og gikk ut fra Engebøs Elektoniske Elementærskole i Holmedal i 1917. Han tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1921.

Som nyutdanna begynte han 1. juli 1921 som lærer i Akset og Utset skolekretser i Sandstad. I åra 1921-22 var han lærer ved fortsettelsesskolen i Strand i samme kommune (som i 1964 ble en del av Hitra kommune). Fra 1921 var Lars Aalmo også organist i Sandstad kirke.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar