Forside:Nordfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Gloppen • Kinn • Stad • Stryn
TIDLIGERE KOMMUNE: Hornindal

Om Nordfjord
Drakter frå Nordfjord og Søndelven. Tegna av Joachim Frich (1845)

Nordfjord er den nordlegaste delen av Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Historisk høyrde det meste av dagens distrikt Nordfjord fogderi, som var eit av dei tre fogderia i Sogn og Fjordane. Distriktet femner om kommunane Bremanger, Gloppen, Stryn og Stad, i tillegg til Vågsøy i Kinn kommune og Hornindal i Volda kommune. Utanom Hornindal grenser alle mot Nordfjorden.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kvalheim krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.

Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.

I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule   Les mer …

Lærar Samson Sande med kona Ane Sande og døttrene, Malena (1901), Karen (1902) og Olava (1904)
Foto: Ingebrigt Lunde. Avdeling for spesialsamlingane ved Universitetet i Bergen
Samson Sande (født 1866) var lærar i Hyen i Gloppen kommune. Han var gift med Ane Bertelsdatter Mjellem (født 1876). Samson arbeidde som lærar i Hyen frå 1895-1936. I 1914 kjøpte han seg ein gard på Fitje i Gloppen og familien budde der medan han heldt fram som lærar i Gjengedal krins.   Les mer …

Erling Aagedal
Foto: Norske skolefolk, 1952
Erling Aagedal (fødd 17. oktober 1904 på Bjelland i noverande Marnardal kommune, død?) var lærar.

Han var son av bonde Ole Aagedal og Tomine f. Øygarden. Erling Aagedal tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1925 og eksamen artium ved Firda gymnas i 1929.

Deretter hadde han fleire lærarvikariat i folkeskulen; frå 1931 var Aagedal vikar for andrelæraren ved Fredheim ungdomsskule i Brønnøy.

  Les mer …

Gloppen sogelag i Gloppen kommune vart skipa 29. april 1998. Laget gjev ut årsskriftet Ljøren og har «til føremål å fremme interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som har verdi for historia til kommunen, og som kan fortelje om levevilkåra til folk gjennom tidene». Gloppen sogelag er medlem i Landslaget for lokalhistorie. I 2019 hadde sogelaget 350 medlemmer.   Les mer …

Minnesteinane ved Loen kyrkje.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2010)
Lodalsulukkene 1905 og 1936 var to rasulukker i Lodalen i Stryn. Til saman omkom 135 menneske, dei fleste som følgje av flommen då steinmassane frå Ramnefjellet raste ut i Loenvatnet. Dei to rasa reknast som dei verste naturkatastrofane i Noreg i nyare tid. Lodalen vart fråflytta etter raset i 1936. Først i seinare tid har nokre få busett seg der; i 2011 budde det to familiar i Bødal. Det er sett opp ei koparplate ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal, med namna på dei som ikkje vart funne att. Ved Loen kyrkje står det to minnesteinar med namna på alle dei omkomne. På Nesodden vart det reist ein stor kross, nær staden kor det første minnesmerket stod.   Les mer …

Alfred Gjengedal (fødd i Gloppen 25. november 1904, død i Lom 1995) var teolog og skulemann. Det meste av yrkeskarrieren sin var han styrar/rektor ved Lom og Skjåk realskule i Lom.

Foreldra var Anders Jakobsen og Ane Gjengedal, som dreiv gard i Hyen sokn i Gloppen i Nordfjord.

Alfred Gjengedal gifta seg i 1938 med Martha Elisabeth Rønnekleiv (1904-1984), dotter på ein annan gard i same bygda. Alfred og Martha fekk fem born: Audun (fødd 1939), Kristi Synnøve (fødd 1940), Arvid (fødd 1943), Anstein Birger (fødd 1944) og Sigrun Dorthea (fødd 1946).

Alfred Gjengedal gjekk på latinlinja ved Firda landsgymnas, og studerte deretter teologi i Oslo. Han tok embetseksamen i 1936, og vart ordinert til prest. Han var ei tid hjelpeprest i Gransherad. I 1939 fekk han stilling som styrar for Skjåk private millomskule, og budde da eit års tid på Nedre Hjeltar i Skjåk. Skulen vart året etter flytta til Lom, og Gjengedal-familien følgde med dit.

Etter at realskulen var nedlagd i 1968, var Gjengedal eit års tid lektor ved eit gymnas i Bergen (1968-1969). Deretter arbeidde han i ungdomsskulen i Skjåk til han gjekk av med pensjon (1974).

  Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordfjord
 
Andre artiklar